Det uruguayanske flagget

Det uruguayanske flagget er danna av ni like breie vassrette striper i blått og kvitt og med Maisola i øvre venstre hjørne.

Det uruguayanske flagget.

Flagget blei opphavleg utforma av Joaquín Suárez og offisielt godkjend 16. desember 1828. Det hadde då sytten striper. Talet på striper blei redusert til ni i 1830 og dei lyseblå stripene blei mørkere. Flagget til Uruguay byggjer på det argentinske flagget. Stripene står for dei opphavlege departementa i landet. Maisola er eit nasjonalsymbol som også finst på riksvåpenet.

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.