Deutsches Album

studioalbum av Peter Gabriel (1982) oversatt til tysk
(Omdirigert frå Deutsches album)
Deutsches Album
Studioalbum av Peter Gabriel
Språk tysk
Utgjeve September 1982
Innspelt 1981–1982
Sjanger New Wave, eksperimentell rock, progressiv rock
Lengd 45:27
Selskap Charisma Records
Produsent David Lord og Peter Gabriel
Kritikk
Peter Gabriel-kronologi 
Peter Gabriel
(1982)
Deutsches Album Plays Live
(1983)


Deutsches Album er det andre tyskspråklege albumet til den britiske musikar Peter Gabriel. Det er ei tysk utgåve av det fjerde albumet til Gabriel, Peter Gabriel (1982) (Security i Nord-Amerika). Deutsches Album vart gjeve ut samstundes med den internasjonale utgåva i Tyskland. I tillegg til teksten er lydmiksen merkbar forskjellig frå den internasjonale utgåva.

Songane er sett opp i anna rekkefølgje på albumet og somme er miksa vesentleg forskjellig frå dei engelske versjonane. Sjølv korvokalen vart gjort på nytt på tysk. På det førre tyskspråklege albumet til Gabriel, Ein deutsches album (1980), hadde han meir eller mindre berre sunge den tyske teksten over den engelske versjonen av Peter Gabriel (1980).

Rekkefølgje på songane på Deutsches Album er noko annleis den engelske versjonen, der «San Jacinto» har byta plass med «The Family and the Fishing Net» (her «Das Fischernetz»). Nokre songar er lengre eller kortare enn dei engelske versjonane.

Innhald endre

All tekst er skriven av Peter Gabriel og Horst Königstein.; all musikk er komponert av Peter Gabriel.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Der Rhythmus der Hitze»5:36
2.«Das Fischernetz»6:45
3.«Kon Takt!»4:31
4.«San Jacinto»6:13
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Schock den Affen»5:43
6.«Handauflegen»6:02
7.«Nicht die Erde hat dich verschluckt»5:59
8.«Mundzumundbeatmung»4:54

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Valdivia, Victor W. (2011). «Security [Germany] - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. september 2012.