Devil World[a] er eit labyrintspel utvikla og utgjeve av Nintendo. Det vart utgjeve til Famicom i Japan den 5. oktober 1984 og til Nintendo Entertainment System i Europa den 15. juli 1987, og utgjeve på nytt til Wii Virtual Console i Japan den 22. januar 2008 og i PAL-regionar den 31. oktober 2008. På grunn av dei strenge retningslinjene til Nintendo of America om å ikkje vise religiøse ikon i dataspel, vart spelet ikkje utgjeve i Nord-Amerika.

Devil World

Utviklar(ar)Nintendo Research & Development 1
Utgjevar(ar)Nintendo
Design(ar)Shigeru Miyamoto
Komponist(ar)Koji Kondo
Plattform(er)Nintendo Entertainment System
UtgjevingJP: 5. oktober 1984
EU: 15. juli 1987
SjangerLabyrint
Spelemodusfleirspelar, einspelar

Devil World er det første spelet Shigeru Miyamoto utvikla for konsoll, etter å ha arbeidd med arkadespel tidlegare, og det einaste spelet hans som ikkje er lokalisert til Nord-Amerika.[1] Spelet har fleire likskapstrekk med Pac-Man, og vart i 2010 rangert av IGN som nummer fire av topp 10 Pac-Man-klonar.[2]

Merknader endre

  1. Devil World (デビルワールド Debiru Wārudo )

Kjelder endre

  1. Nakago, Toshihiko; Tezuka, Takashi (13. november 2009). New Super Mario Bros.: Volume 2. Iwata Asks. (Interview). Nintendo. Henta 22. august 2020. 
  2. Levi Buchanan (4. mars 2008). «Top 10 Pac-Man Clones». IGN. Henta 27. april 2010.