Diagnostisk likning

Ei diagnostisk likning eller ein diagnostisk modell er ei likning eller ein modell som lenkjer verdiane til variablane i ei likning eller ein modell til kvarandre samstundes, anten fordi likninga eller modellen er tidssjølvstendig, eller fordi alle variablane viser til verdiane dei har ved same tidspunkt. Dette er det motsette av ei prognostisk likning.

Til dømes vil tilstandsvariablane i den ideell gasslova (PV = nRT) i klassisk termodynamikk alle verte estimert samstundes. Det er gjeve at kvar og ein av desse variablane kan endre seg med tida, men forholdet dei i mellom vil verre oppfylt for alle tidspunkt. Det vil sei at den eine variabelen ikkje kan endre verdi utan at ein eller fleire av dei andre variablane vert endra samstundes.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Diagnostic equation» frå Wikipedia på engelsk, den 4. desember 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • James R. Holton (2004) An Introduction to Dynamic Meteorology, Academic Press, International Geophysics Series Volume 88, 4. utg, 535 s., ISBN-10: 0123540151, ISBN-13: 978-0123540157.