Dialektar av fulfulde

Fulfulde: dialektar. Fulfulde blir tala av fulaniane frå Senegal til Kamerun og Sudan, og språket varierer ein god del dialektalt.

Klassifikasjon endre

Her er ei jamføring mellom to klassifikasjonar, frå Arnott (1970)[1] og Harrison & Tucker (2003).[2]

Arnott (1970) Harrison & Tucker (2003)
1. Fuuta Jaloo (Guinea) 1. Pular
2. Fuuta Tooro (Senegal, Gambia og Mauritania) 2. Pulaar
3. Maasina (Mali) 3. Fulfulde Maasina
4. Liptaako-Sokkoto (Burkina Faso, Vest-Nigeria, Vest-Niger) 4. Fulfulde Gorgal
5. Fulfulde Borgu
5. Aust-Niger og Midt-Nigeria 6. Fulfulde Lettugal Niger
7. Fulfulde Leydi Nigeria
6. Aadamaawa (Nord-Nigeria og Nord-Kamerun)
8. Fulfulde Aadamaawa
9. Fulfulde Bagirmi
10. Fulfulde Sudan

Nokre viktige dialektskilnader endre

Dialektane av fulfulde skil seg primært frå kvarandre med omsyn til både fonologi, morfologi og leksikon (ordtilfang).

Fonologiske dialektskilnader endre

Alle dialektar av fulfulde er påfallande like fonologisk, men dei viktigaste skilnadene gjeld fonemsystem, fonotaks og prosodi.

Fonemsystem endre

1. Konsonanten som blir skriven ƴ, varierer i uttale. Frå Maasina og vestover blir han uttala [ʄ] (palatal implosiv), som er den eldste uttalen; jamfør ƴiiƴam 'blod'. Austanfor Maasina blir han uttala [j̰] (palatal halvvokal med knirkestemme). Nokre stader i Aadamaawa har han i mange omgjevnader blitt til [ʔ] (glottal lukkelyd, til dømes ii'am /ʔḭːʔam/ 'blod'.

2. Mange dialektar i Aadamaawa skil mellom w /w/ (labial-dorsal halvvokal) og v /ʋ/ (stemd labiodental approksimant, som i wama 'danse' og vama 'flette, strikke'. Alle andre dialektar berre har w, slik at både 'danse' og 'flette, strikke' heiter wama.

3. Dei fleste dialektane skil mellom ng /ŋg/ og ŋ /ŋ/, medan nokre dialektar i Aadamaawa berre har ng /ŋ/. 'Bite' heiter ngata i desse Aadamaawa-dialektane og ŋata /ŋata/ andre stader, medan til dømes ngilngu /ŋgilŋgu/ ‘makk, mark' heiter det same over alt.

Fonotaks endre

1. I Fuuta Jaloo og Maasina har ein frikativ i koda blitt til ein halvvokal. S har blitt til y, og f har blitt til w, slik at desse dialektane skil seg frå dei andre ved å ikkje ha s og f i koda, bortsett frå i nyare lånord. 'Nede, under' heiter ley i desse to dialektane og les i andre. 'Øyra' heiter nowru i desse to dialektane og nofru i andre.

2. I Fuuta Jaloo og Maasina er skiljet mellom ulike nasalar nøytralisering|nøytralisert i koda. 'Jarn, metall' heiter njanndi i desse to dialektane, medan andre dialektar har den meir konservative forma njamndi. 'Lesing, lekse, leksjon, studium' heiter jannde i desse to dialektane, medan andre dialektar har den meir konservative forma jaŋde – bortsett frå Fuuta Tooro, som har den endå meir konservative forma jangde (jamfør neste punkt).

3. Fuuta Tooro er den einaste dialekten som har prenasale konsonantar, dvs. mb, nd, nj, ng, i koda. 'Lesing, lekse, leksjon, studium' heiter jangde i Fuuta Tooro og jaŋde i andre dialektar, bortsett frå i Fuuta Jaloo og Maasina, der det heiter jannde.

Prosodi endre

Dei fleste dialektane av fulfulde har ei aksentuert staving i kvart fonologiske ord. Ei aksentuert staving har ein høgare tone enn andre stavingar i det same fonologiske ordet. Plasseringa av aksenten er føreseieleg etter reglar som liknar dei ein finn i latin og klassisk arabisk; jamfør Fulfulde: aksentuering. Her er nokre døme frå Maasina-dialekten, med aksenten markert med akutt aksent: fáɗo 'sko', ɗérewol 'papir, brev', déwtere 'bok', maláyka 'engel' og láátaade 'bli'. Dialektane i det søre Aadamaawa skil seg noko ut frå dette mønsteret, og er kanskje i ferd med å utvikle eit tonem-system, med ein høg tone og ein låg tone. Dei fleste substantiva er uttala med låg tone, som faɗo 'sko', ɗerewol 'papir, brev', deftere 'bok', malaa'ikaajo 'engel', men det finst unnatak, som ɓokkí 'baobabtre', med ein høg tone på siste stavinga. Eigennamn av arabisk opphav er oftast lånte gjennom det tsjadiske tonespråket hausa, og held ved lag tonane frå dette språket, som til dømes Aadamú, Abdullááhi, Alíyu og Zeynábu. Verb har éi staving med høg tone. I positive verbformer ligg den høge tonen på rotstavinga, som i wárii 'kom (fri perfektiv)'.

Morfologiske dialektskilnader endre

Leksikalske dialektskilnader endre

Fotnotar endre

  1. D.W. Arnott 1970: The Nominal and Verbal Systems of Fula. Oxford, at the Clarendon Press.
  2. Annette Harrison (author) & Irene Tucker (cartographer) 2003: Fulfulde Language Family Report'. SIL International.