Opna hovudmenyen

Prinsesse Diana av Wales

(Omdirigert frå Diana Frances Spencer)

Prinsesse Diana av Wales (1. juli 196131. august 1997) var den første ektefellen til den britiske tronarvingen prins Charles av Wales. Dei fekk to søner, prinsane William og Harry, nummer to og tre i arverekkefølga til den britiske trona og 15 andre samveldeland.

Diana av Wales
Международная Леонардо-премия 17.jpg
Prinsesse Diana i 1995.
FøddDiana Frances Spencer
1. juli 1961
Park House i England i Storbritannia
Død31. august 1997
Paris i Frankrike
TittelPrinsesse av Wales
Alle titlarPrinsesse av Wales
Hus eller slektFyrstehuset Windsor, Familien Spencer
GravstadAlthorp i Northamptonshire
LandStorbritannia
MorFrances Shand Kydd
FarJohn Spencer, 8. jarl Spencer
EktefelleCharles av Wales (1981 – 1996)
SambuarDodi Al-Fayed, Hasnat Khan
BarnPrins William, hertug av Cambridge, Prins Harry, hertug av Sussex

Diana Spencer kom frå ein gammal engelsk adelsfamilie og blei verdskjend frå trulovinga si med prins Charles i 1981. Diana var ei særs folkekjær prinsesse og engasjerte seg i veldedig arbeid som Den internasjonale kampanjen mot landminer og barnesjukehuset Great Ormond Street Hospital. Ho fann likevel livet som kongeleg og gift med prins Charles vanskeleg, og ekteparet skilde seg i 1996. Då ho døydde i ei bilulukke året etter reagerte folk i Storbritannia med stor, offentleg sorg.

KjelderEndra