Diane de Poitiers (9. januar 149925. april 1566) var ei fransk adelskvinne med tittelen hertuginne av Valentinois.[1]

Diane de Poitiers
Diane de Poitiers Atelier Clouet.jpg
Fødd9. januar 1499 (juliansk)
Saint-Vallier
Død25. april 1566 (juliansk)
Château d'Anet
Alle titlargreve, hertuginne
Hus eller slektBrézé
GravstadEure-et-Loir
LandFrankrike
MorJean de Batarnay
FarJean av Poitiers, herre av Saint Vallier
EktefelleLouis av Brézé
SambuarHenrik II av Frankrike
BarnFrançoise de Brézé, Louise de Brézé

Ho var gift med den normanniske adelsmannen Louis de Brézé, som døydde i 1531. Kort tid etter at mannen døydde blei ho elskarinna til den franske tronarvingen Henrik, seinare Henrik II. Ho var 18 år eldre enn han. Diane de Poitiers fekk stor innverknad over Henrik, og denne varte heilt til han døydde i 1559.[1] Ho heldt dei mektige stormannsslektene Montmorency og Guise i sjakk, og var så mektig ved hoffet at sjølv dronninga, Katarina av Medici, måtte bøya seg for henne.[1] Etter at Henrik II døydde blei ho forvist frå hoffet, og levde dei siste åra av livet på eit av godsa sine.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Diane de Poitiers». Store norske leksikon (på norsk). 4. desember 2018.