Dibër
Elva Svarte Drin renn gjennom Dibër
Elva Svarte Drin renn gjennom Dibër
Byvåpenet til Dibër
Byvåpenet til Dibër
Styresmakter
Land
Region
Albania
Dibër
Geografi
Flatevidd
 - By

938 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

61 619[1]
Koordinatar 41°40′0″N 20°20′0″EKoordinatar: 41°40′0″N 20°20′0″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Dibër kommune innafor regionen Dibër
Dibër kommune innafor regionen Dibër

Dibër er ein kommune i regionen Dibër i Albania. Kommunen ligg i den nordlege delen av landet og grensar i nord til regionen Kukës og i nordvest til regionen Lezhë. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Peshkopi vart slått saman med landkommunane Tomin, Melan, Kastriot, Lurë, Maqellarë, Muhurr, Luzni, Selishtë, Sllovë, Kala e Dodës, Zall-Dardhë, Zall-Reç, Fushë Çidhën og Arras.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Peshkopi.

Ved folketeljinga i 2011 hadde dei 15 kommunane som i dag utgjer storkommunen Dibër, til saman 61 619 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndelingEndra

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Dibër.[3]

ReferansarEndra