Dick Fosbury
Richard Douglas Fosbury, kjend som Dick Fosbury, (6. mars 1947–12. mars 2023) var ein USA-amerikansk høgdehoppar frå Medford i Oregon som forbløffa idrettsverda då han i 1968 vart olympisk meister med ein heilt ny hoppstil. Den såkalla fosburyfloppen vart over ein 10–15-årsperiode den heilt dominerande måten å høgdehoppe på.
Dick Fosbury | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. mars 1947 Portland i Oregon |
Død | 12. mars 2023 (76 år) Salt Lake City |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1968 |
Karriere
endreFosbury byrja bruke floppstilen i 1964-sesongen. Han starta springe tilnærma diagonalt med lista, for så å bende av mot lista og til sist vende ryggen mot lista og der etter utføre bykset. Fordelen, samanlikna med den då rådande dykkstilen, er at massesenteret i eit flopphopp ligg mykje lågare og at det såleis trengst mindre kraft i skyvet.
Den store idrettslege framgangen kom i OL-sesongen 1968. I juni månad sette Fosbury personleg rekord med 2,19 meter då han vart studentmeister (NCAA) i Knoxville i Tennessee. Tre månader seinare var han ein av tre utøvarar som tok seg over 2,20 m då USA heldt uttaksstemne i South Lake Tahoe i California, alle saman gjorde personbeste. Under OL-finalen i Mexico-byen den 20. oktober gjekk han over 2,22 m i fyrste forsøk, medan landsmannen Ed Carruthers smaug seg over i sitt andre forsøk. Den neste høgda, 2,24 meter, tok Fosbury i tredje forsøk, Carruthers feila i alle sine hopp. Fosbury forsøkte seg så på verdsrekordhøgda 2,29 m, der var han sjanselaus.
Etter Mexico-leikane makta han ikkje å hevde seg i verdseliten i høgdehopp.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dick Fosbury» frå Wikipedia på engelsk, den 20. oktober 2018.