Opna hovudmenyen

Didrik Solli-Tangen (fødd 11. juni 1987 i Porsgrunn) er ein norsk songar, oppvaksen på Heistad i Porsgrunn kommune.

Didrik Solli-Tangen
Didrik Solli-Tangen1.jpg
Didrik Solli-Tangen under Melodi Grand Prix 2010
Fødd11. juni 1987
FødestadPorsgrunn i Noreg
FødenamnDidrik Solli-Tangen
OpphavNoreg
Aktiv2009–i dag
SjangerPop, opera og soul
InstrumentVokal
Stemmetypetenor
Verka somSongar

Solli-Tangen har studert klassisk song ved Barratt Due musikkinstitutt i Oslo, der han også har blitt vener med Eurovision-vinnaren Alexander Rybak. Han har også gjort seg kjend som operasongar i USA i 2009.

Solli-Tangen fekk sitt gjennombrot då han deltok i Melodi Grand Prix 2010 med songen «My Heart Is Yours», skriven av Hanne Sørvaag og Fredrik Kempe. 23. januar 2010 gjekk Solli-Tangen, saman med A1, vidare frå delfinalen i Skien til finalen i Oslo Spektrum. Her gjekk han av med sigeren 6. februar. Han representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2010 på heimebane i Bærum, men enda på 20. plass.

KjelderEndra