Dikken Zwilgmeyer

norsk skribent

Dikken Zwilgmeyer eller Barbara Hendrikke Daae Zwilgmeyer (20. september 185328. februar 1913) var ein norsk forfattar. Ho er særleg kjend for Inger Johanne-serien.

Dikken Zwilgmeyer
Frøken Lybæks pensionatskole af Dikken Zwilgmeyer.jpg
Fødd 20. september 1853
Trondheim
Død

28. februar 1913 (59 år)
Kongsberg

Yrke skribent, barnebokforfattar
Dikken Zwilgmeyer på Commons

Ho var fødd i Trondheim, men flytta til Risør då far hennar, Petter Gustav Zwilgmeyer vart beordra dit som byfogd i mai 1861. Ho flytta som vaksen til Oslo og døydde under eit besøk i Kongsberg i 1913.

Zwilgmeyer skreiv forteljingar for barn, mellom anna om Inger Johanne som gjekk føre seg i Risør. Ho skreiv òg novellesamlinga Som kvinder er (1895) og romanen Emerentze (1906).

Det står ein statue av Zwilgmeyer på utsida av kulturhuset i Risør, Risørhuset. Her er òg begge kinosalane kalla opp etter forfatteren.

VerkEndra

BarnebøkerEndra

  • Vi børn, Bergen 1890
  • Karsten og jeg, Bergen 1891
  • Fra vor by, Bergen 1892
  • Sommerferier, 1894
  • Barndom, Bergen 1895
  • Morsomme dage, Bergen 1896
  • Hos onkel Max og tante Betty, Bergen 1897
  • Udenlands, Bergen 1898
  • Fire kusiner, 1899
  • Anniken Prestgaren, 1900
  • Syvstjernen og andre historier, Bergen 1900
  • Frøken Lybæks pensionatskole, 1901
  • Lille Jan Bluhme, 1903
  • Kongsgaardgutten, 1904
  • Maja, 1905
  • Hos farfar paa Løvly, 1910
  • Vi tre i hytten, 1911

UngjenteromanarEndra

  • Paul og Lollik, 1904
  • Inger Johanne, 1909

Bøker for vaksneEndra

  • Som kvinder er. Seks fortællinger, 1895
  • Ungt sind, roman, 1896
  • Mægler Porsvold og andre historier, 1902
  • Emerentze. En slægtshistorie, roman, 1906
  • Maren Ragna. Et stykke livshistorie, roman, 1907
  • Thekla, roman, 1908

KjelderEndra