Opna hovudmenyen

Dinah Washington

amerikansk songar

Dinah Washington (fødd 29. august 1924 i Tuscaloosa, daud 14. desember 1963 i Detroit), opphavleg Ruth Lee Jones, var ein amerikansk songar og pianist. Ho er blitt omtalt som den «mest populære svarte kvinnelege plateartisten på 1950-talet».[1] Washington var først og fremst ein jazzvokalist, men opptredde og gjorde innspelingar innan ei rekkje sjangrar, som blues, R&B og tradisjonell populærmusikk.

Dinah Washington
Dinah Washington 1952.jpg
Fødd 29. august 1924
Tuscaloosa
Død

14. desember 1963
Detroit

Yrke songar, jazzmusikar, låtskrivar
Dinah Washington på Commons

LivEndra

Washington var fødd i Tuscaloosa i Alabama, men foreldra hennar flytta tidleg til Chicago, der ho voks opp og gjekk på skule. Som barn spela ho piano og song gospel i kyrkjekor. Som tenåring blei ho med i Sallie Martin Gospel Singers,[2] og slutta å gå på Phillips High School. Ho hadde kome med i gospelkoret etter å ha vunne ei amatørtevling ved Regal Theater, i Chicago, der ho song «I Can't Face the Music».[3]

Etterkvart byrja ho opptre i klubbar i Chicago, og i 1941–42 opptredde ho på stader som Dave's Café og Downbeat Room ved Sherman Hotel (med Fats Waller). Ho spelte ved jazzklubben Three Deuces då ein venn tok henne med til Garrick Stage Bar for å høyar Billie Holiday. Klubbeigaren Joe Sherman blei så imponert då ho song «I Understand», saman med Cats and the Fiddle som var hyra til å spela i overetasjen ved klubben, at han hyra henne òg. I løpet av året ved Garrick, der ho song oppe medan Holiday opptredde i etasjen under, fekk ho artistnamnet som ho er blittkjend under. Ho gav Joe Sherman æra for å ha føreslatt at ho endra namn frå Ruth Jones, ei stund før Lionel Hampton kom for å høyra henne der.[3] Hampton gav henne eit tilbod om å synga i orkesteret sitt, som ho var med i frå 1042 til 1946.

Washington gjorde si første innspelin for Keynote Records i desember 1942 med «Evil Gal Blues», skriven av Leonard Feather og med musikarar frå Hampton sitt band, mellom anna Joe Morris på trompet og Milt Buckner på piano.[1][4][5] Både denne innspelinga og den neste, «Salty Papa Blues», kom inn på Billboard si R&B-liste, «Harlem Hit Parade», i 1944.[6] I desember 1945 spelte ho inn tolv songar for Apollo Records, der 10 av dei blei gjevne ut, med Lucky Thompson All Stars.[7]

I 1946 fekk ho kontrakt med Mercury Records, og hadde på slutten av 1940- og byrjinga av 1950-talet ei rekkje hittar på R&B-lista. Ho fekk sitt store gjennombrot i 1959 med «What a Difference a Day Makes», som ho vann ein Grammy-pris for beste prestasjon i kategorien Rhythm and Blues med. Året etter spelte ho inn to hitlåtar saman med Brook Benton, «Baby (You've Got What it Takes)» og «A Rockin' Good Way (To Mess Around and Fall in Love)».

Dinah Washington døydde av ein overdose av piller og alkohol då ho var 39 år.

AlbumEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Dinah Washington | Music Biography, Credits and». AllMusic. Henta 27. juni 2014. 
  2. Joravsky, Ben. «Dinah Was...and Wasn't». Chicago Reader. Henta 20. desember 2016. 
  3. 3,0 3,1 Nadine Cohodas, Queen: The Life and Music of Dinah Washington, Random House, 2004. ISBN 978-0375421488
  4. «Keynote Records Catalog: 78rpm 500/600, 1300, 100 series». Jazzdisco.org. Henta 27. juni 2014. 
  5. «Dinah Washington Biography | The Rock and Roll Hall of Fame and Museum». Rockhall.com. Henta 27. juni 2014. 
  6. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942–2004. Record Research. s. 469. 
  7. Rotante, Anthony (February 1955). «Blues and Rhythm». Record Research (New York): 3.