Dire Straits var eit britisk rockeband som vart skipa i 1977 av Mark Knopfler (solovokal og sologitar), den yngre broren hans David Knopfler (rytmegitar og korvokal), John Illsley (bassgitar og korvokal) og Pick Withers (trommer og perkusjon). Musikkstilen til Dire Straits kom frå ei rekkje inspirasjonskjelder, som jazz, folk og blues, og kom nærast beatmusikk og klassisk rock. Trass i at gruppa vart danna i ein periode då punkrock regjerte, stod den dempa stilen til bandet i kontrast til punken, og utvikla ein stil med røter i pubrock. Mange av komposisjonane til Dire Straits var melankolske.[3] Det mestseljande albumet til Dire Straits, Brothers in Arms, har seld over 30 millionar eksemplar, og var det første albumet som selde meir enn 1 million eksemplar på CD.[4][5]

Dire Straits

Dire Straits i 1985
Frå venstre til høgre: Fletcher (bak), Illsley, Knopfler og Sonni
OpphavDeptford i London i England
Aktiv1977–1988
1991–1995
SjangerRock, roots rock, bluesrock[1][2]
Tilknytte artistarMark Knopfler, The Notting Hillbillies, Sting, Roy Bittan
PlateselskapPhonogram, Vertigo, Mercury, Warner Bros.
Siste medlemmerMark Knopfler
John Illsley
Alan Clark
Guy Fletcher
Tidlegare medlemmerDavid Knopfler
Pick Withers
Hal Lindes
Terry Williams
Jack Sonni
Chris White
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Dei vart òg eit av dei mestseljande banda i verda og selde over 120 millionar album verda over.[6] Dire Straits vann fleire musikkprisar i løpet av karrieren, mellom anna Grammyprisar, tre Brit Award og to MTV Video Music Award.[6] Dei mest populære songane til bandet er mellom andre «Sultans of Swing», «Lady Writer», «Romeo and Juliet», «Tunnel of Love», «Telegraph Road», «Private Investigations», «Money for Nothing», «Walk of Life», «So Far Away», «Your Latest Trick» og «Brothers in Arms».

I følgje Guinness Book of British Hit Album, har Dire Straits lege over 1100 veker på albumlista i Storbritannia, det femte høgaste nokon gong.[7] Karrieren deira varte i 15 år. Dei vart opphavleg oppløyst i 1988, men kom saman att i 1991, før dei vart oppløyst for godt i 1995 då Mark Knopfler lanserte solokarrieren sin for fullt. Det var fleire endringar i besetninga i bandet i løpet av karrieren, og til slutt var berre Mark Knopfler og John Illsley som var med frå start til slutt.

Historie endre

1977–1979: Tidlege år og dei to første albuma endre

 
Den originale Dire Straits-besetninga i Hamburg i Tyskland (1978) V til H: Illsley, Mark Knopfler, Withers, David Knopfler.

Brørne Mark og David Knopfler, og venene John Illsley og Pick Withers skipa bandet i 1977.[8] I 1977 spelte Dire Straits (eit namn bandet fekk av ein musikar trommeslagaren Pick Withers delte leiligheit med) inn ein demo på fem songar, som inneheldt den framtidige hitsingelen, «Sultans of Swing», i tillegg til «Water of Love», «Down to the Waterline», «Wild West End» og David Knopfler sin «Sacred Loving».[9] Dei tok lydbandet til Charlie Gillett, som hadde eit radioshow kalla «Honky Tonk» på BBC Radio London. Bandet ønskte berre gode råd, men Gillett likte musikken så mykje at han spelte «Sultans of Swing» på showet sitt. To månader seinare fekk Dire Straits platekontrakt med Phonogram Records.[10] I oktober 1977 spelte bandet inn ein ny demo med «Southbound Again», «In the Gallery» og «Six Blade Knife» for BBC Radio London; og i november vart det laga demo av «Setting Me Up», «Eastbound Train» og «Real Girl».

Debutalbumet til gruppa, Dire Straits, vart spelt inn i Basing Street studio i Vest-London i februar 1978, og kosta 12 500 pund.[11] Det var produsert av Muff Winwood, og fekk liten marknadsføring i starten då det kom ut i Storbritannia på Vertigo Records, som då var ei avdeling under Phonogram, og vart ikkje godt motteke. Albumet vart lagt merke til av A&R-representanten Karin Berg, som arbeidde for Warner Bros. Records i New York City. Ho følte at dette var ein type musikk publikum var svolten for, men berre ein person i avdelinga hennar var først samd i dette.[11] Mange av songane handla om opplevingar Mark Knopfler hadde i Newcastle, Leeds og London. «Down to the Waterline» handlar om livet i Newcastle; «In the Gallery» er ei hyllest til biletkunstnaren Harry Phillips frå Leeds (far til Steve Phillips); «Wild West End» og «Lions» handla om den første tida til Knopfler i hovudstaden.[12][13]

Same året byrja Dire Straits å turnere som oppvarmingsband for Talking Heads etter at nyutgjevinga av «Sultans of Swing» omsider byrja å klatre oppover singellistene i Storbritannia.[14] Dette førte til platekontrakt i USA med Warner Bros. Records, og mot slutten av 1978 hadde Dire Straits gjeve ut debutplata verda over. Dei fekk mykje merksemd i USA, men nådde òg toppen av albumlista i Canada, Australia og New Zealand. Dire Straits gjekk etter kvart inn på topp 10 i alle europeiske land.[10]


Året etter la bandet ut på den første turneen sin i Nord-Amerika. Dei spelte 51 utselde konsertar i løpet av 38 dagar.[15] «Sultans of Swing» nådde fjerdeplassen i USA og åttandeplassen i Storbritannia.[14][16] Songen var ein av dei største hittane til Dire Straits og vart fast på konsertane deira. Bob Dylan, som hadde sett bandet spele i Los Angeles, var så imponert at han inviterte Mark Knopfler og trommeslagaren Pick Withers til å spele på det neste albumet sitt, Slow Train Coming.[17]

Innspelinga for det andre albumet til gruppa, Communiqué, fann stad i desember 1978 i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas. Det kom ut i juni 1979,, var produsert av Jerry Wexler og Barry Beckett og nådde toppen av den tyske albumlista, medan debutalbumet Dire Straits samstundes låg på tredjeplassen. I Storbritannia nådde albumet femteplassen på albumlista. Med singelen «Lady Writer» fortsette det andre albumet i same stil som et første, og Knopfler utvida rekkevidda av tekstane sine på opningssporet «Once Upon a Time in the West».[18] I det komande året byrja stilen å endre seg, i lag med besetninga i gruppa.

1980–1984: Større musikalsk kompleksitet og tidleg suksess endre

 
Mark Knopfler og Hal Lindes

I 1980 vart Dire Straits nominert til to Grammyprisar for beste debutant og beste rockesong av ei gruppe for «Sultans of Swing».[19] I juli 1980 starta bandet innspelinga for det tredje albumet. Produsenten Jimmy Iovine hjelpte Mark Knopfler med produksjonen og Making Movies kom ut i oktober 1980. Under innspelinga gjekk kranglinga mellom Mark og David Knopfler ut over bandet, og David Knopfler slutta etter usemje om den musikalske retninga for å starte ein solokarriere. Han vart ikkje omtalt på plateomslaget.[20] Innspelinga heldt fram med Sid McGinnis på rytmegitar og klaverspelaren Roy Bittan frå Bruce Springsteen sitt E Street Band. Etter innspelinga var over vart Alan Clark og gitarist Hal Lindes frå California med i Dire Straits som fulltidsmedlemmar for turneane i Europa og Nord-Amerika.[11]

Making Movies fekk stort sett positiv kritikk og inneheldt lengre songar med meir komplekst arrangement, ein stil bandet skulle halde seg til resten av karrieren. Albumet inneheld nokre av dei mest personlege songane til Knopfler. Den mest suksessrike singelen var «Romeo and Juliet» (åttandeplassen på UK singles chart), ein song om eit mislukka kjærleiksforhold, og det vart eit kjennemerke for Knopfler å skrive personlege songar under fiktive namn.[21] Sjølv om han aldri vart gjeven ut som ein hitsingel, vart «Solid Rock» framført på alle konsertane til Dire Straits frå den tida til dei slutta, medan det lange opningssporet, «Tunnel of Love», med introen «The Carousel Waltz» av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II, vart nytta i filmen An Officer and a Gentleman. Sjølv om «Tunnel of Love» berre nådde 54. plassen på UK Singles Chart då han vart gjeven ut på singel i 1981, har han vorte ein av dei mest kjende og populære songane til Dire Straits og ein umiddelbar konsertfavoritt. Making Movies låg på den britiske albumlista i fem år og nådde fjerdeplassen på det høgaste.[22]

Det fjerde studioalbumet til Dire Straits, Love Over Gold, er eit album med lange, eksperimentelle passasjar med Alan Clark på piano og klaverinstrument. Det vart godt motteke då det kom ut i september 1982, og selde til gullplate i Amerika og låg fire veker på toppen av albumlista i Storbritannia. Tittelen var inspirert av ein graffiti som Knopfler såg frå vindauget sitt i den gamle kommunale leilegheita si i London. Frasen var henta frå plateomslaget til eit album av Captain Beefheart. Love Over Gold var det første Dire Straits-albumet som var produsert av Mark Knopfler aleine, og den største hitten på albumet, «Private Investigations», gav Dire Straits den første singelen sin på topp 5 i Storbritannia, der han nådde andreplassen, trass i lengda på nesten sju minuttar. Han vart òg ein populær song på konsertane deira.[23]

 
Mark Knopfler og Lindes, i juni 1981.

I andre delar av verda var hovudsingelen frå albumet «Industrial Disease», ein song som handlar om nedgangen i britisk produksjonsindustri tidleg i 1980-åra med fokus på streik, depresjon og dysfunksjonalitet. Singelen gjorde det særleg bra i Canada, der han nådde topp 10. I tillegg til tittelsporet og «It Never Rains», bestod Love Over Gold av den 14 minuttar lange, episke «Telegraph Road». Knopfler hadde òg skrive songen «Private Dancer» for albumet, men denne kom ikkje med der og vart etter kvart gjeven til Tina Turner for comebackalbumet hennar med same namn. Love Over Gold selde visstnok over to millionar eksemplar dei seks første vekene etter det kom ut. Kort tid etter utgjevinga av Love Over Gold, slutta trommeslagaren Pick Withers i bandet. Erstatninga Terry Williams, tidlegare i Rockpile og fleire walsiske band som Man.

I 1983 vart det gjeve ut ein fire songar lang EP kalla ExtendedancEPlay, medan Love Over Gold framleis låg på albumlistene. På denne fanst hitsingelen «Twisting By the Pool» som nådde topp 20 i Storbritannia og Canada. Dire Straits la ut på ein åtte månader lang verdsturné for å marknadsføre Love Over Gold, som enda med to utselde konsertar i Hammersmith Odeon i London den 22. og 23. juli 1983. Det doble albumet Alchemy Live bestod av opptak frå desse to konsertane og var visstnok utan ekstra opptak i studio. Det vart miksa i november 1983 og gjeve ut mars 1984. Det nådde topp 3 i Storbritannia.[24] Konserten vart òg gjeven ut på VHS og vart nymastra og gjeve ut på DVD og Blu-ray i 2010.

I 1983 og 1984 var Mark Knopfler òg involvert i andre prosjekt utafor bandet. Han skreiv musikk til filmane Local Hero og Cal, som òg vart gjevne ut som album.[25] I denne perioden produserte òg Knopfler Bob Dylan-albumet Infidels med Alan Clark på klaverinstrument, og tillegg Aztec Camera og Willy DeVille. I 1984 gav John Illsley ut det første soloalbumet sitt, Never Told a Soul, der Mark Knopfler, Alan Clark og Terry Williams bidrog.

1985–1986: Brothers in Arms-tida og internasjonal suksess endre

Dire Straits gjekk attende i studio mot slutten av 1984 og byrja å spele inn spor i Air StudiosMontserrat for det komande femte studioalbumet deira, Brothers in Arms, produsert av Knopfler med Neil Dorfsman. Det var fleire endringar i besetninga, og ein klaverspelar til vart henta inn, Guy Fletcher, som tidlegare hadde arbeidd som studiomusikar med Roxy Music og på filmmusikken til Cal.[11] Gitarist Hal Lindes slutta i bandet under innspelinga. Erstattaren hans var New York-gitaristen Jack Sonni, og Andy Kanavan vart med ei kort stund på trommer; men vart ikkje omtalt på omslaget som offisielt medlem.[26]

I følgje eit intervju med magasinet Sound on Sound med Neil Dorfsman, ein månad etter innspelinga byrja, vart trommeslagaren Terry Williams mellombels erstatta av jazztrommeslagaren Omar Hakim, som spelte inn trommer for albumet i løpet av to dagar, før han drog vidare til andre oppgåver.[27] Både Hakim og Williams er omtalte på albumet,[26] men Williams bidrog berre med trommer på «Walk of Life» og det improviserte trommecrescendoet i byrjinga av «Money for Nothing». Resten av albumet er med Hakim på trommer, men Williams var attende i bandet for musikkvideoane og den komande verdsturneen.

Brothers in Arms kom ut i mai 1985 og gjekk rett inn på førsteplassen på UK Album Chart og låg inne på lista i alt 228 veker.[28] Det vart det mestseljande albumet i 1985 i Storbritannia.[14] Brothers in Arms gjekk òg til topps i USA og låg ni veker på toppen av Billboard 200, og fekk fleire platinaplater for eit sal på ni millionar eksemplar.[19][29] Albumet låg 34 veker på toppen av den australske albumlista, det lengste nokon gong i Australia.[30] Albumet hadde ein meir overdådig produksjon og stil enn tidlegare album av Dire Straits og inneheld nokre av dei største singlane deira.

«Money for Nothing» nådde førsteplassen i USA på Billboard Hot 100, og fjerdeplassen på UK Singles Chart, «So Far Away» (20. plassen i Storbritannia og 19. plassen i USA), «Brothers in Arms» (16. i UK), «Walk of Life» (2. i UK, 7 i US), og «Your Latest Trick» (26. UK).[19] «Money for Nothing» var den første videoen som vart spelt på MTV i Storbritannia og hadde med Sting på gjestevokal. Sting er oppført som medlåtskrivar på songen i lag med Mark Knopfler, sjølv om det i røynda berre var melodilinja frå «Don't Stand So Close To Me» som gjorde dette. Ikkje noko av teksten vart i røynda skriven av Sting. Songen vann Grammyprisen for beste rockesong av ei gruppe eller duo i februar 1986.[31]

Brothers in Arms vart av dei første albuma som vart spelt inn med digitalt utstyr sidan Knopfler pressa på for betre lydkvalitet.[32] Tittelsporet på albumet skal ha vore den første CD-singelen i verda. Han vart gjeven ut i Storbritannia som ein promo med logoen til turneen, Live in '85, medan ein andre singel i samband med den australske delen av turneen vart merka Live in '86. Det inneheld fire spor og hadde ei avgrensa avspeling. «Walk of Life» vart nesten teken av albumet då medprodusenten Neil Dorfsman meinte han ikkje burde vere med, men dei andre bandmedlemmane stemte i mot han. Resultatet vart den mest kommersielt suksessrike singelen til bandet i Storbritannia, og han nådde andreplassen på singellista.[14] «Money for Nothing», «Walk of Life», og «Brothers in Arms» vart alle populære på konsertane til bandet.

 
Dire Straits spelar i Beograd i Jugoslavia, (no Serbia) den 10. mai 1985.
Mark Knopfler, Clark og Jack Sonni (venstre til høgre).

Albumet er oppført i Guinness rekordbok som den første CD-plata som selde 1 million eksemplar,[33] og har fått æra for å popularisere CD-formatet.[34] Brothers in Arms-CDen hadde med den fulle versjonen av «Money for Nothing», og ikkje den kortare versjonen som finst på LP-plata. Faktisk inneheld CD-versjonen lengre versjonar av alle spora som er på den første LP-sida, med unntak av «Walk of Life».

Verdsturneen i 1985-1986 etter albumet vart ekstremt suksessrik. Saksofonisten Chris White vart med i bandet og turneen starta 25. april 1985 i Split i Jugoslavia (i dag Kroatia). Då dei spelte 13 konsertar på Wembley Arena, flytta bandet seg ned gata til Wembley Stadium ettermiddagen den 13. juli 1985 for å spele på Live Aid,[35] der dei mellom anna spelte «Money For Nothing» med Sting som gjestevokalist. Turneen enda i Entertainment Centre i Sydney i Australia den 26. april 1986, der Dire Straits framleis har rekorden med 21 konsertar på rad. Bandet spelte der den kjende australske folkevisa «Waltzing Matilda». I løpet av to år heldt Dire Straits played 247 konsertar i over 100 forskjellige byar.

I 1985 reiste i tillegg bandet frå London til Khartoum for å samle inn pengar til svoltkatastrofen der, kalla The Walk of Life, leia av John Abbey. Dire Straits donerte gullplata av Brothers in Arms til deltakarane for å hylle det dei gjorde.

Konserten den 10. juli 1985 på Wembley Arena, der dei hadde med seg Nils Lofgren på «Solid Rock» og Hank Marvin på slutten av «Going Home» (temaet frå «Local Hero»), vart sendt på fjernsyn i Storbritannia på The TubeChannel 4 i januar 1986.[36]

I 1986 vann Brothers in Arms to Grammyprisar, og beste britiske album under Brit Awards i 1987.[31][37] Q plasserte albumet på 51. plass på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene i 2000.[38] Albumet vart òg rangert på 351. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene i 2003.[39] Brothers in Arms er òg rangert som det tredje beste albumet frå 1985 og 31. beste albumet frå 1980-åra, og var i april 2012 det sjuande mestseljande albumet i Storbritannia og det 107. mestseljande i USA.[40] I august 1986 vart MTV Europe lansert med Dire Straits sin «Money for Nothing».[41]

1987–1990: Første oppløysing endre

Etter Brothers in Arms-turneen enda, tok Mark Knopfler ein pause frå Dire Straits og i 1987 konsentrerte han seg om soloprosjekt og filmmusikk. Dire Straits kom saman att i 1988 for Nelson Mandela 70th Birthday Tribute-konserten som vart halden 11. juni 1988 på Wembley Stadium, der dei var hovudattraksjonen. Dei fekk med seg Eric Clapton på scenen[42] som framførte hitten sin «Wonderful Tonight» med gruppa og spelte rytmegitar på dei andre songane til bandet, medan gitaristen Jack Sonni ikkje var med. Kort tid etter slutta Williams i bandet.

Mark Knopfler annonserte offisielt at bandet var oppløyst i september 1988. Han fortalte Rob Tannenbaum i Rolling Stone: «Det var mange journalistar som sa me var det største bandet i verda. Det var ikkje musikken som tydde noko for dei då, det var populariteten. Eg trengde ein pause».[43] Den enorme suksessen med Brothers in Arms-albumet og turneen skapte eit enormt press på bandet, og Knopfler annonserte at han ønskte å arbeide med meir personlege prosjekt.[10] Det kom ut eit samlealbum, Money for Nothing, i oktober 1988, og det nådde toppen av albumlista i Storbritannia.[23] I 1988 gav John Illsley ut det andre soloalbumet sitt, Glass med Mark Knopfler, Alan Clark, Guy Fletcher og Chris White.

I 1989, over ein middag i vinbaren Notting Hill,[42] skipa Knopfler The Notting Hillbillies, eit countryfokusert band med Guy Fletcher, Brendan Croker og Steve Phillips og manager Ed Bicknell på trommer. Det eine albumet til The Notting Hillbillies, Missing...Presumed Having a Good Time, inneheldt ein mindre hitsingel, «Your Own Sweet Way», og kom ut i 1990. Notting Hillbillies turnerte resten av året, og spelte òg på Saturday Night Live. Knopfler fortsette countryretninga i 1990 med samarbeidet sitt med gitaristen Chet Atkins, Neck and Neck.

I 1990 spelte Dire Straits i lag med Elton John og Eric ClaptonKnebworth Festival, der dei spelte songane «Solid Rock», «Money for Nothing» og ein song som Knopfler fortalte var ein eksperimentell song, som dei var uviss om dei skulle spele inn eller ikkje.[44] Songen, som heitte «I Think I Love You Too Much», var ein bluesrock-song med soloar av både Knopfler og Clapton. Denne songen kom ut i 1990 på albumet Hell To Pay som ei gåve[45] til den kanadiske blues/jazzartisten Jeff Healey frå Knopfler. Dette var før Knopfler, Illsley og manager Ed Bicknell valde å starte opp at bandet året etter.[46]

1991–1995: Comeback og den endelege slutten endre

Tidleg i 1991 starta Knopfler og Illsley opp att Dire Straits, og tok med seg dei tidlegare klaverspelarane Alan Clark og Guy Fletcher. Framleis med Bicknell som manager, vart Dire Straits kutta ned til berre fire medlemmar igjen.[46] Bandet byrja å spele inn songar til eit nytt album og henta inn nye studiomusikarar som steelgitarist Paul Franklin og perkusjonist Danny Cummings. Saksofonisten Chris White var attende og gitaristen Phil Palmer fylte rolla etter Sonni. Under innspelinga spelte den amerikanske trommeslagaren Jeff Porcaro i staden for Williams. Porcaro vart invitert inn som fulltidsmedlem av bandet, men avslo på grunn av oppdrag for Toto.

Dire Straits gav ut det siste studioalbumet sitt On Every Street i september 1991. Forventningane var særs høge, men albumet vart møtt med moderat suksess og blanda kritikkar. Somme skribentar, som All Music Guide[47] omtalte On Every Street som ein 'lite imponerande' oppfølgjar til Brothers in Arms. Det selde likevel åtte millionar eksemplar og nådde førsteplassen i Storbritannia og 12. plassen i USA.[14][16]

Albumet gav ingen store hittar i Storbritannia. Den første singelen var opningssporet «Calling Elvis», med ein video basert på 60-talsshowet Thunderbirds. Denne nådde 21. plassen i Storbritannia, men falt ut av lista etter berre fire veker. Den neste singelen, «Heavy Fuel», mislukkast i å nå topp 50 på den britiske singellista, men i USA nådde songen førsteplassen på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista,[48] som den andre songen deira som klarte dette (etter «Money for Nothing»). Tittelsporet var relativt mislukka og nådde ikkje topp 40 i Storbritannia. Den siste singelen frå albumet og frå bandet i Storbritannia var «The Bug», med korvokal av Vince Gill, som òg vart invitert med inn i bandet som fulltidsmedlem, men avslo.

Studiotrommeslagaren Chris Whitten vart med i Dire Straits som sidemann, då han la ut på turneen med bandet som varte i to år og talde 300 konsertar, føre kring 7,1 millionar bilettkjøpande fans. Sjølv om turneen var musikalsk meir utførleg enn verdsturneen i 1985–1986, vart han ikkje like suksessrik. Det viste seg å bli for mykje for Dire Straits, og Mark Knopfler hadde fok nok av slike massive operasjonar. Dette førte til at bandet vart oppløyst på ny, og denne gongen for godt. Bill Flanagan skildra hendinga i Gentleman's Quarterly: «Den påfølgjande verdsturneen varte i nesten to år, skapte eit hav av pengar og køyrte Dire Straits i bakken. Då turneen var over var både ekteskapet og bandet til Knopfler borte».[49] Den siste konserten på turneen fann stad 9. oktober 1992 i Zaragoza i Spania.

Mot slutten av turneen uttrykte Mark Knopfler ønske om å slutte med store turnear, og ta fri ei stund frå musikkindustrien. Eit konsertalbum, On the Night, kom ut i mai 1993, og fekk igjen blanda kritikk. Likevel nådde albumet topp 5 i Storbritannia, noko som er sjeldan for eit konsertalbum.[14] Dei fire spora på Encores EP kom òg ut og gjekk til topps på den franske singellista.

Det siste albumet til Dire Straits, Live at the BBC, var ei samling av konsertopptak frå 1978 til 1981, hovudsakleg med den originale besetninga av bandet.[50] Det kom ut i juni 1995 og var det tredje og siste konsertalbumet til bandet.[50] I løpet av denne tida la Mark Knopfler ned Dire Straits i det stille og førebudde innspelinga av det første fullverdige soloalbumet sitt.

1996 til i dag endre

Etter Dire Straits vart lagt ned, starta Mark Knopfler solokarrieren sin, og gav ut det første soloalbumet sitt, Golden Heart i mars 1996, etter neste 20 år som bandartist.

Brothers in Arms fekk ni gonger platina i USA i august 1996.[19] Det året vart heile katalogen til Dire Straits remastra av Bob Ludwig og gjeve ut på ny på CD på Mercury Records, i det meste av verda utanom USA. Dei nye utgåvene kom ut i USA i september 2000 på Warner Bros.

Knopfler, John Illsley, Alan Clark og Guy Fletcher kom saman att for ein siste gong den 19. juni 1999 med Ed Bicknell på trommer, og spelte fem songar, inkludert Chuck Berry sin «Nadine» for bryllaupet til Illsley.[51]

I 2002 spelte Mark Knopfler med John Illsley, Guy Fletcher, Danny Cummings og Chris White for fire veldedigheitskonsertar. Brendan Croker vart med Knopfler den første halvdelen og spelte hovudsakleg songar av The Notting Hillbillies. Illsley kom inn for Dire Straits-delen mot slutten. På Shepherd's Bush-konserten vart Jimmy Nail med på korvokal for Knopfler på «Why Aye Man».

Den nyaste samlinga, The Best of Dire Straits & Mark Knopfler: Private Investigations, kom ut i november 2005 og nådde topp 20 i Storbritannia. Albumet inneheld songar frå dei fleste Dire Straits-albuma, og solosongar og filmsongar av Mark Knopfler, gjeven ut i to utgåve, som singel CD med eit grått omslag og ei dobbelplate med blått omslag. Den einaste songen som ikkje var gjeven ut før var «All The Roadrunning», som er ein duett med songar Emmylou Harris. Albumet vart teke godt i mot. I 2005 vart Brothers in Arms gjeve ut i eit avgrensa opplag for 20-årsjubileet, som vart ein suksess og vann Grammy-prisen for beste kringlydalbum.[52]

Sidan oppløysinga av Dire Straits, har ikkje Mark Knopfler synt noko interesse for å starte opp att bandet og har sagt, «Å, eg veit ikkje om eg skal byrje å samle saman alt det der på ny igjen»,[53] og sa til journalistar at «eg ville berre gjort det for veldedige føremål. Eg er glad for at eg fekk oppleve alt det - eg hadde mykje moro med det - men eg likar tinga slik dei er no.» Klaverspelaren Guy Fletcher har vore med på nesten alle albuma til Knopfler så langt, og Danny Cummings har ofte vore med som på All the Roadrunning (med Emmylou Harris), Kill to Get Crimson og Get Lucky.

I 2007 sa Knopfler at han ikkje sakna det globale kjendistilværet då bandet var på det mest populære, og sa «Det vart rett og slett for stort».[53] I oktober 2008 sa John Illsley til BBC at han ønskte at Knopfler ville gå med på å dra på ein comebackturné med Dire Straits. Knopfler avslo og sa at han tidlegare ofte nølte med å starte opp att gruppa og at han i røynda «ikkje var fan av dei tidlege hittane til Dire Straits».[54][55] I same intervjuet sa Illsley at Knopfler for tida nyt suksessen som soloartist og sa «han gjer det utrleg bra som soloartist, så hatten av for han. Han har det perfekt med å gjere det han gjer no.».[53]

I desember 2009 vart bandet feira med ein Heritage Award frå PRS for Music. Ein plakett vart plassert på ei leilegheitsblokk i Deptford i London, staden der Dire Straits spelte den første konserten sin.[56]

I 2011 sette Alan Clark, Chris White og Phil Palmer, i lag med Tom Petty and the Heartbreakers-trommeslagaren Steve Ferrone, i lag eit band kalla «The Straits», som spelte ved eit veldedig show i Albert Hall.[57]

Medlemmer endre

  • Mark Knopfler – vokal, gitar (1977–1995)
  • John Illsley – bass, korvokal (1977–1995)
  • Alan Clark – klaverinstrument (1980–1995)
  • Guy Fletcher – klaverinstrument og korvokal (1984–1995)
  • Chris White - saksofon og korvokal (1984-1995)

Tidlegare medlemmer endre

  • David Knopfler – gitar, klaverspelar og vokal (1977–1980)
  • Pick Withers – trommer (1977–1982)
  • Hal Lindes – gitar, korvokal (1981–1983)
  • Terry Williams – trommer (1982–1988)
  • Jack Sonni – gitar, vokal (1984–1988)
  • Chris Whitten - trommer (1990-1992)
  • Paul Franklin - pedal steelgitar (1990-1992)
  • Phil Palmer - gitar, korvokal (1990-1992)
  • Danny Cummings - perkusjon, korvokal (1990-1992)

Albummusikarar endre

  • Roy Bittan – klaverinstrument på albumet Making Movies (1980)
  • Michael Mainieri – vibrafon, marimba på Love over Gold (1982) og korvokal på Brothers in Arms (1985)
  • Mel Collins – saksofon, deltok på Making Movies-turneen og albumet Alchemy Live. (1984)
  • Joop de Korte – perkusjonist på Alchemy Live (1984)
  • Tommy Mandel – klaverinstrumentist på Alchemy Live (1984)
  • Malcolm Duncan – tenorsaksofon på Brothers in Arms (1985)
  • Dave Plews – horn på Brothers in Arms (1985)
  • Michael Brecker – saksofon på Brothers in Arms (1985)
  • Randy Brecker – horn på Brothers in Arms (1985)
  • Jimmy Maelen – perkusjon på Brothers in Arms (1985)
  • Neil Jason og Tony Levin bass på Brothers in Arms (1985)
  • Sting – vokal på songen «Money for Nothing» på Brothers in Arms (1985)
  • Jeff Porcaro – trommer på albumet On Every Street (1991)
  • Vince Gill – gitar, korvokal på albumet On Every Street (1991)
  • Manu Katché – perkusjon og trommer på albumet On Every Street (1991)

Diskografi endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Dire Straits.
Studioalbum

Prisar endre

Nominasjonar endre

Konsertar i Noreg endre

  • Ekeberghallen - 21. november 1979
  • Drammenshallen - 28. mai 1981
  • Drammenshallen - 22. oktober 1985
  • Drammenshallen - 23. oktober 1985
  • Valle Hovin - 30. juli 1992

Kjelder endre

  1. herbmusic.net, arkivert frå originalen 16. januar 2014, henta 15. september 2014 
  2. Making Movies – Dire Straits Allmusic. Retrieved 2 February 2012
  3. Dire Straits: Biography Allmusic Henta 14. september 2014
  4. Mark Knopfler hurt in crash BBC. Henta 14. september 2014.
  5. Heather Kelly (October 2, 2012). «Rock on! The compact disc turns 30». CNN. Henta 14. september 2014. 
  6. 6,0 6,1 Dire Straits given plaque honour BBC News Henta: December 2010.
  7. Gibson, Owen. «Queen most loved band». The Guardian. Henta 14. september 2014
  8. Peter Buckley (2003) The rough guide to rock, s. 297. Henta: 14. september 2014.
  9. Oldfield, M. (1984). Dire Straits. Sidgwick and Jackson. s. 42. ISBN 978-0-283-98995-7. 
  10. 10,0 10,1 10,2 «Dire Straits Biography». Musikar Guide. Net Industries. 2009. Henta 14. september 2014. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 «Sing365.com». Sing365.com. Arkivert frå originalen 20. mai 2011. Henta 14. september 2014. 
  12. Peter Frame (1999) Pete Frame's rockin' around Britain: rock'n'roll landmarks of the UK and Ireland, s. 182. Music Sales Group. Henta: 14. september 2014.
  13. High fidelity, Volume 29, Issues 1–6, s. 102. Audiocom, 1979.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 14,4 14,5 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Album. London: Guinness World Records Limited
  15. Dafydd Rees, Luke Crampton (1999). «Rock stars encyclopedia» s.229. Henta 14. september 2014
  16. 16,0 16,1 Whitburn, Joel (2006). The Billboard Book of Top 40 Hits. Billboard Books
  17. Patrick Humphries, Absolutely Dylan s. 213. Viking Studio Books, 1991.
  18. Considine, J.D. (2004). «Dire Straits». The New Rolling Stone Album Guide. Rolling Stone Magazine. Arkivert frå originalen 26. juli 2008. Henta 13 February 2009. 
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Rock on the Net: Dire Straits/Mark Knopfler Henta: 14. september 2014.
  20. Genzel, Christian. «David Knopfler». AllMusic. Henta 14. september 2014. 
  21. (accessed 4 March 2008) Mark Knopfler Arkivert 2008-02-04 ved Wayback Machine.. The Biography Channel
  22. Hoffmann, Frank W. Encyclopedia of Recorded Sound, Volume 1, s. 295. Routledge, 2005.
  23. 23,0 23,1 International who's who in popular music, s. 282. Routledge, 2002.
  24. David Drucker (1991) Billboard's Complete Book of Audio Billboard Books Henta: 14. september 2014.
  25. Local Hero (Original Soundspor) – Mark Knopfler AllMusic Henta: 14. september 2014.
  26. 26,0 26,1 Strong, M.C. (1998) The Great Rock Discography, s. 207.
  27. CLASSIC TRACKS: Dire Straits 'Money For Nothing'. soundonsound.com
  28. «Dire Straits – Brothers in Arms». Chart Stats. Henta 14. september 2014. 
  29. Billboard, 31 Aug 1996 (Henta: 14. september 2014).
  30. «Adele's 21 breaks Australian chart record». Sydney Morning Herald. Henta 14. september 2014
  31. 31,0 31,1 Grammy Winners. Grammy.com. Henta: 14. september 2014.
  32. Buskin, Richard. «Classic Tracks: Dire Straits 'Money For Nothing'». Sound on Sound (SOS), May 2006.
  33. Guinness Book of World Records (1990), s. 156. Sterling Pub. Co. Henta: 14. september 2014.
  34. Digitally Recorded, Digitally re/mixed and Digitally Mastered (psg). ecoustics.com
  35. Brock Helander (1996) The rock who's who, s. 170. Schirmer Books, 1996.
  36. «Dire Straits Live In '85 at Wembley Arena (1986)». Ftvdb.bfi.org.uk. 16 April 2009. Arkivert frå originalen 22. oktober 2012. Henta 14. september 2014. 
  37. Brit Awards 1987 Brits.co.uk. Henta 14. september 2014
  38. The 100 Greatest British Album Ever Q Magazine. Henta 14. september 2014
  39. 500 Greatest Album of All Time: Brothers in Arms – Dire Straits Arkivert 2012-05-28 ved Wayback Machine. Rolling Stone. Henta 14. september 2014
  40. BPI Highest Retail Sales Arkivert 2009-11-22 ved Wayback Machine.. British Phonographic Industry. Henta 14. september 2014
  41. Billboard 28 Jul 2001. Billboard Henta: 14. september 2014.
  42. 42,0 42,1 Mark Knopfler – Authorized Biography Arkivert 2014-03-20 ved Archive.is. mark-knopfler-news.co.uk
  43. «Dire Straits Biography: Contemporary Musikars». Enotes.com. Henta 14. september 2014. [daud lenkje]
  44. Dire Straits – Money For Nothing (From «Live At Knebworth» DVD) video NME. Henta 14. september 2014
  45. Healey, Jeff (2005). The Jeff Healey Band Live at Montreux 1999 [CD booklet], Paragraph 5. Eagle Records.
  46. 46,0 46,1 Tobler, John. (1991) Who's Who in Rock & Roll, s. 1988. Crescent Books.
  47. Ruhlmann, William. «On Every Street – Dire Straits». AllMusic. Henta 14. september 2014. 
  48. «allmusic ((( Dire Straits > Charts & Awards > Billboard Singlar )))». Henta 14. september 2014. 
  49. «Dire Straits Biography». musicianguide.com. Henta 14. september 2014. 
  50. 50,0 50,1 Billboard 26 Aug 1995 Billboard Henta: 14. september 2014.
  51. «John's Wedding». Arkivert frå originalen 25. januar 2000. Henta 14. september 2014. 
  52. Billboard 18 Feb 2006 Billboard Henta: 14. september 2014.
  53. 53,0 53,1 53,2 Youngs, Ian (7 October 2008). «Entertainment | Knopfler declines Straits reunion». BBC News. Henta 14. september 2014. 
  54. «Dire Straits | Knopfler 'Blocking Dire Straits Reunion'». Contactmusic. 7 October 2008. Henta 14. september 2014. 
  55. Ian Youngs (7 October 2008). «Knopfler declines Straits reunion». BBC News (BBC). Henta 3 February 2009. 
  56. UK Music Heritage Plaque award. Markknopfler.com
  57. The Royal Albert Hall: The Straits 22 May 2011

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dire Straits