Al-Dir'iyyah guvernement

(Omdirigert frå Diriyah guvernement)

Al-Dir'iyyah guvernement er eit guvernement (muhafazah) i Riyadh-regionen i Saudi-Arabia. Guvenementet grensar til den saudiarabiske hovudstaden Riyadh i sør og aust, til Dhruma guvernement i sør og vest, og til Huraymla guvernement i nord. Guvenementet vert styrt frå al-Dir'iyyah, den opphavlege heimbyen til huset Saud, og som var hovudstad under det saudiarabiske dynastiet frå 1744 til 1818. Folketalet i guvernement var 60 777 i folketeljinga i 2004, inkludert 18 040 ikkje-saudiarabarar. 34 117 bur i sjølve byen al-Dir'iyyah.

Al-Dir'iyyah guvernement
guvernement
Land  Saudi-Arabia
Region Riyadh-regionen
Folketal 60 777  (2004)
Kart
Al-Dir'iyyah guvernement
24°44′00″N 46°34′32″E / 24.733333°N 46.575556°E / 24.733333; 46.575556

Fleire byar og landsbyar ligg i guvernementet, dei fleste i dalen Wadi Hanifa eller sidedalane. Desse er mellom andre al-'Ammariyyah, al-Uyaynah, al-Jubaylah og Sadus.

Området består av fleire historiske stader. Desse er mellom andre ruinane av den gamle byen al-Dir'iyyah, som vart øydelagd av osmansk-egyptiske styrkar i 1818, og ein gravplass for dei muslimske krigarane som erobra området frå Musaylima i Ridda-krigane kort tid etter Muhammed døydde. Guvenementet husar òg den saudiarabiske hæren sitt Kong Abdul Aziz krigsskule i al-Uyayna.

Kjelder endre