Diskusjon:Svalbardtraktaten

Eg skal ikkje protestere beinhardt på dei endringane Våve har gjort, men meiner det må vere rom for å skrive klammeformer på Wiki. Og i så fall må øy som hokjønn og tar vere lovleg ref nynorskordboka: "øy -a [-i], -ar [-er] (norr ey; av I å)" og "ta el. take [kløyvd inf -a] tek [tar el. teker], tok, teke el. -i [tatt] (norr taka)" stykkjet 23. juni 2006 kl. 13:46 (UTC)

Praksisen vår er at ein ikkje skal endra sideformer i artiklar, bortsett frå når dei ikkje er brukt medvite (t.d. ved ufullstendig omsetjing frå bokmål) eller når ein gjer større endringar med innhaldet i artikkelen. -- Ranveig 23. juni 2006 kl. 14:30 (UTC)

Gjerne for meg. Då eg tok til å rette i stykket, var det so mange bokmålsord der at eg tenkte det du nemner kunde vera restar av dette. Men då lyt det vera lov å skrive klambreformer som øyi og liknande mèd, utan at folk gjer rop um «høgnorsk» og kastar det ut. Forresten: øy er hokyn. Sume hokynsord har -ar-ending. — Våve 23. juni 2006 kl. 14:39 (UTC)

Jada, her er det bare å ta Nynorskordboka fatt, både for rettarar og dei som blir retta. -- Ranveig 23. juni 2006 kl. 14:44 (UTC)
Våve, eg lurer på om du meiner meg når du seier: "Men då lyt det vera lov å skrive klambreformer som øyi og liknande mèd, utan at folk gjer rop um «høgnorsk» og kastar det ut." Dersom du ser etter i historikken til det stykket det var tale om ser du at eg lét i-endingane i hokjøn stå, sidan dei er tillatne sideformer etter gjeldande rettskriving. Det er derimot ikkje "upp", "klambre" og dilike. Så dersom du nytte slike former, lyt du setje dei i hn-avdelinga. Men du kan bruke mange av dei tradisjonelle formene innanfor nn-paraplyen au...--Erling 23. juni 2006 kl. 15:00 (UTC)

Berre for å avslutte for min del, så skjønner eg at Våve endra på språket mitt i artikkelen. Delar var dårleg omsett, og det er forståeleg at nokre av mine bokmålsnære/dialektnære former vart endra. Sjølv om eg ikkje likar det. :-) stykkjet 23. juni 2006 kl. 15:24 (UTC)

Hei Erling, nei, det er lite å utsetja på rettingane dine. Hadde berre alle vori like støde på handa som deg! (Derimot såg eg at du kalla sumar høgnorsk ein gong, kva du no meinte med det.) Etter at du hadde sett um det stykket du nemner kom Ranveig med «ei lett nynorskifisering» (!) der ho m.a. brigde teki til teke, ubundi form til ubunden form og so nær som til bortsett frå. Fram med ordboka, og vitet attpå! Det er haugar og lass med halvumsette sidor her som laver av bokmålsslagg, men det er mykje morosamare å prika i «tevlande målføreformer» eller kva ein skal kalle det, kann det synast som. — Våve 23. juni 2006 kl. 15:38 (UTC)
Hei Stykkjet, det var ikkje meininga å tyne målet ditt. No veit eg kva line du ligg på. Men ålment meiner eg at ein ikkje kann fredhelge slike «samnorskformer» i stykke som gjev ein tokke av å vera uferdugt umsette. — Våve 23. juni 2006 kl. 15:38 (UTC)
Jau, det må du nok, så lenge me "samnorskingar" held oss innfor ordboksnormalen og har eit konsekvent språk. (Men det siste kan nok både eg og andre godt få ei hjelpande hand med.) Ta det med godt humør, det er nok fleire enn meg her som har skrive meir nynorsk siste året enn nokon gong før. Og det er vel bra, sjølv om det ikkje er den nynorsken du likar best? --Ekko 23. juni 2006 kl. 16:15 (UTC)
Regelen er klår: Vi endrar ikkje tillatne sideformer andre har bruka utan særleg grunn. Kva kan vera særleg grunn? Her i dette høvet var det vel ei misforståing, der Våve trudde dei tillatne formene Stykkjet bruka var attståande bokmålsrestar, fordi somme andre slike fanst i stykket. Eit hendeleg uhell. Så vart eit stykke Våve hadde skrive og eg hadde lirka innanfor rettskrivinga endra meir enn naudsynt, fordi nokon meinte vi burde leggje det på "midtlina" når ein rein hn-versjon var oppretta. Det er på kanten, tykkjer eg. Eg tykkjer likevel det vanskelegaste er når eit stykke er påbyrja, men mesteparten står att, anten det er omsetjing eller nyskriving. Kor går grensa for omsyn til første skrivar, og kva tid er det den som tek over som avgjer? Når førsteskrivaren har skrive ein fjerdedel, eller ein halvdel? Og så retting. Dersom eit stykke må språkvaskast fordi det er direkte språklege feil i det, kan vaskaren leggje målføringa om i si leid? Vi har ein del grensetilfelle...(Elles orsakar eg om eg ein gong tidlegare har kome i skade for å kalle sumar høgnorsk. Det er tillaten sideform innanfor gjeldande nynorsk rettskriving:-)) --Erling 23. juni 2006 kl. 16:28 (UTC)
Eg må berre orsaka, Våve, eg lever ikkje slik eg lærer, og let nok for ofte ordboka ligga og samla støv. Og kommentaren min om «lett» i Midlandsnormalen angra eg på så snart eg hadde trykka «Enter». Skal prøva å ikkje ta så lett på slikt ein annan gong. -- Ranveig 23. juni 2006 kl. 16:40 (UTC)
Til Ekko: du las ikkje det eg skreiv. Men ålment meiner eg at ein ikkje kann fredhelge slike «samnorskformer» i stykke som gjev ein tokke av å vera uferdugt umsette. Då er det nettupp ikkje konsekvent språk :-) Som du sjølv skriv, lyt ein rekne med at ein som set halvveges um eit stykke frå bokmål vil ha hjelp, og då med både rettskriving og idiomatiskt ordval. Det er ikkje maskinumsetjingar og halvgjorde verk som kann setja standard for målføringa.
Erling rører ved den røynlege kjernen. Det laver med halvveges tilmåtte avrit frå bm her. Éin ting er at dei som gjer storlùten av umsetjingsarbeidet vert/kjenner seg tvinga til å skrive bokmålsnært (eller at dei umedviti gjer det av di dei vil gjera det snøggast råd). Ein annan ting er at det vert liggjande mange stykke her som ikkje vert umsette (enno) og som derfor er beint fram dåleg nynorsk (same kva ein tykkjer er gildaste formene). Dette gjev ikkje nett tillit og autoritet til nn-wikien. Mange bm-ord vert ikkje umsette av di umsetjaren ikkje kjenner orda og veit kva det vert på nynorsk. Vel, burde han då drive med dette stykket i det heile, når han ikkje kjenner emnet sopass godt? Eller burde han skrive på nn, når han ikkje kjenner språket? Eg trur dei fleste vil segja ja, skriv gjerne på nn, og ver gjerne med på emne for det um de ikkje er ekspertar i deim, men nei, korkje dålegt mål eller vantande sakkunnskap eller andre halvgjorde verk kann leggje føringar for andre skrivarar. — Våve 23. juni 2006 kl. 16:59 (UTC)
Eg las det du skreiv, men skjøna det kanskje ikkje slikt det var tenkt. Utover det er eg faktisk samd med deg. Det skjer litt for ofte at nokon legg over ein tekst og så gjer ein kjapp omsetting av heile teksten. Me er vel mange som kan få litt betre didiplin på å
  • ta over ein tekst om gongen, og så gjere omsettinga ferdig
  • heller bruke tid på god omsetting av ein og ein bolk enn dårleg av heile stykket
elles bør vel dette ordskiftet flyttast over på samfunnshuset? --Ekko 23. juni 2006 kl. 17:18 (UTC)
Interessant ordskifte er no flytta til Wikipedia:Samfunnshuset#Uferdig omsetjing og anna. --Ranveig 24. juni 2006 kl. 09:39 (UTC)

Start ein diskusjon om Svalbardtraktaten

Start ein diskusjon
Tilbake til siden «Svalbardtraktaten».