Distrikt i Etiopia

Distrikt i Etiopia (amharisk woreda eller wereda, fidel ወረዳ) er eit administrativt forvaltingsnivå i Etiopia.

Den administrative inndelinga av Etiopia i tre nivå. De mørkaste linjene er dei 11 regionane; det neste nivået er soner, medan dei kvite linjene viser grensene til dei mindre distrikta.

Landet er delt inn i 11 sjølvstyrande regioner, under dette nivået ligg 68 soner delt inn i om lag 500 distrikt, og under desse att finst eit landsbynivå kalla kebele. Nokre få distrikt er ikkje del av ein sone, men har autonom status. Dei fleste distrikta er nokså nyskapte, men nokre av dei er basert på historiske grenser og inndelingar. Gera- og Gomma-distrikta i Oromiaregionen er til dømes basert på historiske småkongedøme.

Sidan 2002 har distrikta fått auka bevilgingar og fleire forvaltingsoppgåver overført frå dei sentrale styresmaktene i Etiopia.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre