Distriktet Indre Østfold

distrikt som ligg i den nordre delen av Østfold fylke

Indre Østfold er eit distrikt som ligg i den nordre delen av Østfold fylke. Distriktet vart formelt oppretta gjennom vedtak i fylkestinget i 2007. Dei to byane i området er Askim og Mysen.

Indre Østfold
distrikt
Indre Østfold markert i blått.
Land  Noreg

Distriktet hadde til saman 57 094 innbyggjarar den 1. juli 2009.[1] og eit areal på 2 243 kvadratkilometer.[2] Det omfatta då dei ti kommunane Aremark, Askim, Eidsberg, Hobøl, Marker, Rakkestad, Rømskog, Skiptvet, Spydeberg og Trøgstad. Etter kommune- og regionreforma i 2020 omfatta det kommunane Aremark, Marker, Indre Østfold, Skiptvet og Rakkestad.

Administrative inndelingar endre

  • Kommunane deltek i Indre Østfold Regionråd
  • Distriktet utgjer næringsregionen Indre Østfold (NHO).
  • Aremark, Marker, Trøgstad, Askim, Eidsberg, Rakkestad og Rømskog høyrer til Østre Borgesyssel prosti under Borg bispedømme i Den norske kyrkja.
  • Spydeberg, Skiptvet og Hobøl høyrer til Vestre Borgesyssel prosti (også under Borg).
  • Distriktet høyrer til domsmyndeområdet til Heggen og Frøland tingrett, utanom Aremark og Rakkestad som ligg under høvesvis Halden tingrett og Sarpsborg tingrett, alle under Borgarting lagmannsrett.

Kjelder endre

  1. ssb.no: befolkningsendringer
  2. statkart.no: kommuneareal, arkivert frå originalen 21. september 2013, henta 19. september 2010