Dogepalasset (italiensk Palazzo Ducale) er eit kjend byggverk i Venezia. Bygget har fungert som regjeringsbygg og rettslokale. Det var også bustad for dogen og forvaltingssentrum og herskarresidens for Republikken Venezia. Dogepalasset er eit av dei viktigaste profane bygga i gotisk stil.

Dogepalasset

ArkitektNicolò Barattieri
Stilgotisk arkitektur
Kart
Dogepalasset
45°26′02″N 12°20′14″E / 45.433933°N 12.337128°E / 45.433933; 12.337128
Teikning frå seint 1300-tal

Palasset ligg ved sida av Markuskyrkja ved Markusplassen. Bak palasset fører ei av dei best kjende bruene i Venezia – Sukkas bru – til fengselet. Mot sør vender palasset ut mot Canal Grande, berre skild av eit breitt fortorg.

Historie endre

Den første dogen som er historisk bekrefta blei innsett i 726, og bygginga av palasset byrja på 800-talet under dogane Angelo og Giustiniano Participazio, då i bysantinsk stil oppå eksisterande romerske murar. Det blei øydelagd av brann fleire gonger, og bygd opp att.

Den eldste delen av palasset er den som ligg nærast vatnet.

Først rundt 1340 byrja bygningen å få si noverande form med venetiansk marmor og kalkstein frå Istria. Arkitekten er ukjend, men Proto Enrico, Pietro Baseio og steinhoggaren Filippo Calendario var med på å bidra. Fasadane blei til mellom 1400 og 1424.

Palasset gjekk gjennom ei omfattende ombygging på 1440-talet ved dei tre brørne Bon. Den kjende porten Porta della carta blei oppført og utsmykka av Giovanni og Bartolomeo Bon i 1442. Etter ein brann i 1483 måtte palasset byggast om. Dette arbeidet blei først leia av Antonio Rizzo og seinare av Pietro Lombardo fram til 1511.

Den indre, austlege lengda fekk eit fullstendig renessansepreg med ein praktfull gard og ei fritrapp, Scala de' giganti. Den indre hovudtrappa, Scala d'oro, og andre parti blei pryda med arbeid av Jacopo Sansovino og Alessandro Vittoria. Taka fekk ei rik stuccoutsmykking og blei rikt måla. Desse takmåleria og dessutan mange veggmåleri blei utførte av Tintoretto og fleire andre av dei fremste meisterane i Venezia.

To brannar på 1500-talet øydela mange av romma i palasset; den første den 11. mai 1574 og den andre den 20. desember 1577. Dei ødela mange av verka som var blitt skapte fram til då av kunstnarar som Gentile da Fabriano, Pisanello, Gentile Bellini, Alvise Vivarini, Vittore Carpaccio, Tiziano og Paolo Veronese. Restaureringa som følgde var leia av Antonio da Ponte og blei avslutta i 1580.

Rundt år 1600 bygde Antonio Contin eit fengsel inntil palasset som ein når over ein kanal via Brua av sukk. Det var også fengselsceller inne i sjølve palasset, men dei var berre for statsfangar og høgforrædarar.

I mai 1797 blei Venezia kringsett av Napoléon Bonaparte, og delar av palasset blei øydelagde.

Først i 1874, etter at Venezia var blitt del av det sameinte Italia, blei det utført ei ny restaurering. Embetskontora som var i palasset, bortsett frå Soprarintendenza per i Beni Ambientali e Architettonici di Venezia e Laguna, som framleis held til der (2015), blei flytta ut til andre stader i byen.

Dogepalasset blei gjort om til museum i 1923.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre