Doha-cornichen er ein promenade som strekkjer seg fleire kilometer langs Dohabukta i hovudstaden Doha i Qatar. [1]

Doha-cornichen med silhuetten av Doha
Joggeveg langs cornichen.

Parallelt til cornichen går Corniche Street, ei hovudåre gjennom Doha som går frå forretningsstrøket West Bay til dei sørlege områda byen og Doha internasjonale lufthamn. Han vart danna etter omfattande oppmudringsarbeid seint i 1970- og 1980-åra som omforma kystlinja ved Doha.[1]

Cornichen var berre ein tom gangveg, der det einaste synlege bygget var Sheraton Hotel, men utviklinga har skote fart på 2000-talet med mange skyskraparar nord for cornichen. Området er blitt utvikla som ein del av den økonomiske oppgangen i landet og i eit forsøk på å fremje turismen. Mange landemerka i Doha ligg langs cornichen, frå og med Museum for islamsk kunst, og endar ved Sheraton Park nær den særeigne, pyramideforma Sheraton Hotel.[1] Al Rumaila-parken ligg òg i nærleiken.

Landemerke endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Doha-cornichen». Online Qatar. Henta 9. juli 2015. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Doha-cornichen