Don Revie

britisk fotballspelar

Donald George Revie (10. juli 192726. mai 1989) var ein engelsk fotballspelar og trenar frå Middlesbrough. Han er framom alt kjend som sjef i Leeds United sin gullalder, elles landslagssjef for England 1974-77. På bana var Revie indreløpar/senterløpar.

Don Revie


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 10. juli 1927
Middlesbrough
Død

26. mai 1989 (61 år)
Edinburgh

Idrett fotball
Utmerkingar

offiser av Den britiske imperieordenen

Karriere endre

Klubbspel endre

Revie var Leicester City-spelar til 1949. Etter to sesongar i Hull City vart han i 1951 overført til Manchester City. Med klubben frå Manchester var han på sitt beste som fotballspelar, i 1955 kåra til årets spelar av dei engelske fotballskribentane. Våren 1955 måtte han og lagkameratane sjå seg slått i FA-cupfinalen, året etter revansjerte City og Revie seg ved å vinne FA-cupen. I oktober 1956 vart han mot £22 000 overført til Sunderland AFC. Han avslutta som aktiv med å gjere teneste 1958-62 i Leeds United.

Landslagsspel endre

Revie spelte 6 landskampar frå oktober 1954 til oktober 1956. Han skåra 4 mål, to av dei då England i København slo heimelaget 5–1 hausten 1955.

Trenar endre

Revie tok over leiinga av Leeds United sitt fotballag i 1961. I 1964 førte han klubben til opprykk til 1. divisjon. På få sesongar stabiliserte Leeds seg som det jamnt over beste klubblaget i engelsk fotball. Laget sigra i 1968 i såvel den engelske ligacupen som den europeiske messebycupen. Sesongen etter vart Leeds engelsk ligameister for fyrste gong. Sidan vart det finalesiger 1971 i messebycupen og 1972 i FA-cupen. Revie avslutta sine år i Leeds med å leie laget til ny ligameistertittel våren 1974.

Sommaren 1974 fekk Revie jobben som landslagssjef for England. Bortsett frå å vinne den britiske meisterskapen 1975, lukkast laget ikkje å kvalifisere seg til finalerunda i EM i fotball 1976. England imponerte elles lite i kvalifiseringa til VM i fotball 1978, så sommaren 1977 takka Revie for seg.

Merittar endre

  • Vinnar av FA-cupen: 1956 for Manchester City

Kjelder endre