Dork
samisk innerpels av rein- eller saueskinn
Dork (nordsamisk dorka) er eit samisk klesplagg av pels som ein typisk bruker innanfor andre klede, hovudsakleg om vinteren. Han skil seg frå pesk ved at hårsida vender inn mot kroppen. Han er kjend frå heile det nordsamiske området.
Dorken er gjerne av saueskinn, men også av reinskinn. Han har som regel ein eller to splittar i halsen og oppståande krage. Kantane kan vera laga av anna skinn eller band. Elles har dorken lite pynt.
Bakgrunnsstoff
endre- Dork Arkivert 2016-03-21 ved Wayback Machine. med skildring ved
- Søk etter dork[daud lenkje] ved kulturnett.no
- Søk etter dork i digtaltmuseum.no
Kjelder
endre- «dork» i Store norske leksikon
- 14 Pesk og dork[daud lenkje] ved vuonan.no
- duodjeinstituhtta.com Arkivert 2016-04-09 ved Wayback Machine.