Dorothe Engelbretsdotter
Dorothe Engelbretsdotter (16. januar 1634–19. februar 1716) frå Bergen var den første kjende kvinnelege forfattaren frå Noreg. Ho skreiv salmar, høvesdikt og rimbrev. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei vart gjevne ut.
Dorothe Engelbretsdotter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. januar 1634 Bergen |
Død |
19. februar 1716 (82 år) |
Yrke | lyrikar, skribent |
Sjanger | salme |
Religion | kristendom |
Ektefelle | Ambrosius Hardenbeck |
Dorothe Engelbretsdotter på Commons |
Forfattaren vert også kalla Dorothe Engelbretsdatter, medan førenamnet kan verta stava «Dorothe», «Dorthe» eller «Dorte». Sjølv kalla ho seg «Bergens Debora».
Livssoge
endreDorothe var prestedotter, og vart seinare prestekone. Foreldra hennar var Anna Wrangel og Engelbret Jørgensen, som var domprest i Bergen domkyrkje.
I 1647 drog Dorothe Engelbretsdotter til København, der ho skal ha vore i tre år. Her var det eit aktivt litterært miljø. I København gifta hun seg atten år gamal med faren sin kapellan, Ambrosius Hardenbeck (f. 1621), som var son av en tysk organist i Bergen.[1] Ambrosius Hardenbeck etterfylgde seinare svigerfar sin som sokneprest. Gjennom mannen kom ho i kontakt med det tysk-bergenske musikalske og teologiske miljøet i byen.
Dorothe fekk ni barn med Ambrosius. Sju av desse barna var allereie døde då Dorothe gav ut den første samlinga si av åndelege songar, Siælens Sang-Offer, i 1678. Hardenbeck døydde i 1684. Under sørgjeåret etter ektemannen vitja Dorothe København 1684–85, og traff der salmediktaren Thomas Kingo.[1] Medan ho sørga over mannen og dei døde borna sine skreiv Dorothe den store diktsyklusen Taare-Offer.
Dei to gjenverande borna forlét heimlandet, den eine som student og den andre som soldat. Den yngste av dei døydde under krig i Tyrkia, medan den eldste reiste til utlandet, og ho mista heilt kontakten med han. I Bergen Billedgalleri fanst eit portrett av sonen Engelbrecht Ambrosius Hardenbeck måla av Hendrik Krock. Det var påført opplysinga om at Engelbrecht var «berømmelig for sine mange Aaars udenlands langvarige Reiser». Dorothe Engelbretsdotter levde einsam i Noreg dei siste trettitre åra av livet. Ho forsørga seg sjølv gjennom forfattarskapen og ein liten enkjepensjon.[2]
Som tenåring var Ludvig Holberg i nokre par år næraste naboen til Dorothe Engelbretsdotter. Han budde då hjå morbroren og pleiefaren sin Peder Lem, like ovanfor domkyrkja i huset ved sida av Dorothe. Beundringa Holberg viser henne i sin Bergens beskrivelse kan nok sporast tilbake til tida då han kjende henne personleg, og ho kan ha vekka reiselysta hans med soger om utanlandsreisen til sonen Engelbrecht.[3]
I 1702 brann huset til Dorothe Engelbretsdotter ned under storbrannen i Bergen 19. mai. To år seinare kom kong Frederik IV til Bergen, og Dorothe gav han eit dikt der ho bad om hjelp til å få eit nytt hus. Då dette ikkje hjelpte, sende ho brev til styresmaktene i Bergen og fortalde om situasjonen sin. I 1712 fekk ho endelig eit hus ved bispebrunnen. I 1963 vart dette huset flytta til Gamle Bergen Museum.[4]
Verk
endreSiælens Sang-Offer kom ut i 1678. Dette er no rekna som hovudverket hennar. Verket inneheld perikopesalmar, salmar skrivne til bibeltekstar som ein kunne lesa til kyrkjelege høgtidsdagar og sundagar. Mange av dei er også botssalmar eller salmar knytte til ars moriendi,[1] 'kunsten å døy'.
Taare-Offer var det andre store verket hennar, og vart trykte for første gong i 1685. Dikta har motiv frå Lukas-evangeliet, kapittel 7,36-50 («Kvinna som fekk syndene sine tilgjevne»),[5] og er «ei fri og sjølvstendig attdikting» av ei andaktsbok av Heinrich Müller med ein liknande tittel.[1]
Diktinga til Dorothe Engelbretsdotter var typisk for tida: Gudeleg og barokk, og ho gjorde stor suksess både i Noreg og Danmark. Ho vart ein pionér for god dikting og bruk av morsmålet. Med dikta sine ville forfattaren heidra Gud og omvenda, trøysta, gleda og oppseda folket. Dei religiøse dikta hennar inneheld kristen brude- og pasjonsmystikk.[1] Dorothe skreiv også mykje om korleis ho sørgde over tapet av ektemannen og barna sine.
Dei fleste av salmane hennar var dikta til moderne melodiar og gjevne ut med notebilag. Dei vart svært populære og vart trykte i 25 utgåver, den siste i 1868. Dei var meint for husandakter og kom først og fremst inn i privatsalmebøker. Dei vart først tekne med i kyrkjesalmebøker då Magnus Brostrup Landstad tok dei med i si kyrkjesalmebok frå 1869. Landstads reviderte salmebok har fire salmar av Dorothe Engelbretsdotter. Norsk Salmebok 1985 innheld «Dagen viker og går bort» og «Når verden med sin glede sviker». I salmeboka frå 2013 var berre den første av desse tekne med.[6]
Av høvesdikta og rimbreva hennar er rundt 50 att. Desse er til motsats frå diktverka ofte lystige og dristige.[6] Dei omfattar mellom anna bindebrev, bøneskriv, takkeskriv, gravferdsdikt, kongedikt, minnedikt, ulukkedikt, polemiske vers og fødselsdagsdikt. Nokre av dikta inneheld forsvar av diktinga og svar på skuldingar om at dikta skulle vera plagierte eller laga av menn.[1]
Omdøme
endreI 1684 fekk Dorothe innvilga fullstendig skattefridom på livstid av kongen. Mange ser på skattefridomen som den fyrste diktargasjen gjeven til nokon i Noreg.[1]
Dorothe var ein av dei første kvinnelege forfattarane som klarte å livnæra seg av skrivinga si, og kan slik sjåast på som eit tidleg fordøme for kvinnesaka. Dorothe er ei av berre to kvinnelege diktarar vi kjenner til på 1600-talet - den andre er Ingeborg Grytten. Då Dorothe vart skulda for ikkje å ha skrive bøkene sine sjølv av mannlege konkurrentar, svara ho at dei burde «setjast i karantene på ei aude øy eller kastrerast».[7]
Etterkvart som stilen til Dorothe Engelbretsdotter gjekk av moten vart diktinga hennar nedvurdert og til dels gløymt i litterære krinsar. Ho vart likevel verande folkekjær i lang tid.[1]
Petter Dass
endreDorothe Engelbretsdotter og Petter Dass var samtidige, og skreiv brev til kvarandre:
Grand Mercy, mein lieber Frater,
Hæderlig Hr. Peter Dass,
Vi vil være Camerater,
Falder det ham saa til pas.
Jeg som een Poete Unge,
Byder frem, hvad ieg formaar,
J een simpel Qvinde Tunge
Jngen høy Discurs bestaar.
Om ieg zwischen uns at sige,
Kand lidt meer end Fader Vor,
Maa ieg for de Lærde viige,
Buxefolket gaar dog for.
(Utdrag av rimbrev frå Dorothe Engelbretsdotter til Petter Dass)[7]
Matrone! Hvo staaer til?
Rimbrev frå Petter Dass til Dorothea Engelbrets-Datter[8]
|
Verkliste
endre- Siælens Sang-Offer, indholdende gudelige Sange paa de fornemste Fester, salmar, 1678
- Taare-Offer, gudelige Siæle til Underviiszning, andaktar i verseform, 1658
- Tvende ny aandelige Psalmer, salmar, 1690
- Tvende meget smucke ny Psalmer, salmar, 1705
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Akslen, Laila (28. september 2014). «Dorothe Engelbretsdatter». Norsk biografisk leksikon (på norsk).
- ↑ «Bold of Pen, Bold in Ink», Nordic Women's Literature (på engelsk), 25. juli 2011, henta 31. desember 2019
- ↑ Joh. Nordahl-Olsen: Ludvig Holberg i Bergen (s. 50-1), John Griegs forlag, Bergen 1905
- ↑ «Gamle Bergen Museum | Bergen byleksikon», www.bergenbyarkiv.no, henta 29. desember 2019
- ↑ Luk 7,36-50
- ↑ 6,0 6,1 «Dorothe Engelbretsdatter». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 15. juni 2018.
- ↑ 7,0 7,1 «Noregs første kvinnelege forfattar». 16.05.2018. (CC BY-SA)
- ↑ Dag og Tid 23. april 2013.
Bakgrunnsstoff
endre- Litteratur
- Akslen, Laila (1970) Feminin barokk: Dorothe Engelbretsdotters liv og diktning
- Akslen, Laila (1997) Norsk barokk: Dorothe Engelbretsdatter og Petter Dass i retorisk tradisjon
- Pettersen, Egil (1957) Norskhet i språket hos Dorothe Engelbretsdatter
- Vederhus, Inger (1982) Engelbretsdatterstudiar (hovudoppg.)
- Vederhus, Inger (1988) «Den første Hun Poet i Arvekongens Lande» i Engelstad, Inger m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 1, 19-26,
- Vederhus, Inger (1993) «Kieck i Pennen, kieck i Bleck» i Møller Jensen, Elisabeth m.fl., red.: Nordisk kvindelitteraturhistorie, b. 1, 163-75