Opna hovudmenyen

Dorothe Engelbretsdotter

norsk poet

Dorothe Engelbretsdotter (16. januar 163419. februar 1716), frå Bergen, var Noregs første kjende kvinnelege forfattar og salmediktar. Dikta hennar er barokke og sterkt religiøse, og var svært folkekjære då dei blei gjevne ut.

Dorothe Engelbretsdotter
Dorothe engelbretsdatter.jpg
Fødd 16. januar 1634
Bergen
Død

19. februar 1716
Bergen

Yrke lyrikar, skribent
Sjanger Salmane
Dorothe Engelbretsdotter på Commons
Tittelstikk frå førsteutgaven av Taare-Offer frå 1685.

Forfattaren vert også kalla Dorothe Engelbretsdatter, medan førenamnet kan verta stava «Dorthe» eller «Dorte». Sjølv kalla ho seg «Bergens Debora».

LivssogeEndra

Foreldra til Dorothe var Anna Wrangel og Engelbret Jørgensen, som var domprest i Bergen domkyrkje. Ho gifta seg i 1656 med kapellanen i kyrkja, Ambrosius Hardenbeck, som seinare etterfylgde svigerfar sin som sokneprest. Gjennom mannen kom ho i kontakt med det tysk-bergenske musikalske og teologiske miljøet i byen.

Både ektemannen og sju av dei ni barna deira døydde tidleg, og Dorothe skreiv mykje om korleis ho sørgde over dette.

VerkEndra

 
Førstesida av Taare-Offer

Siælens Sang-Offer kom ut i 1678, i eit opplag på 24 eksemplar. Taare-Offer var det andre store verket hennar, og blei trykka for første gong i 1685.

Diktinga til Dorothe Engelbretsdotter var typisk for tida: Gudeleg og barokk, og ho gjorde stor suksess både i Noreg og Danmark. Med dikta sine ville forfattaren heidra Gud og omvenda, trøysta, gleda og oppseda folket. Ho blei ein pionér for god dikting og bruk av morsmålet.

OmdømeEndra

Dorothe fekk i 1684 dette innvilga fullstendig skattefridom på livstid av kongen. Mange ser på skattefridomen som den fyrste diktargasjen gjeven til nokon i Noreg.

Dorothe var ein av dei første kvinnelege forfattarane som klarte å livnæra seg av skrivinga si, og kan slik sjåast på som ei svært tidlege kvinnesaksforkjempar. Dorothe er ei av berre to kvinnelege diktarar vi kjenner til på 1600-talet - den andre er Ingeborg Grytten. Då Dorothe blei skulda for ikkje å ha skrive bøkene sine sjølv av mannlege konkurrentar, svara ho at dei burde «setjast i karantene på ei aude øy eller kastrerast».

Matrone! Hvo staaer til?
Gaaer Junker Ars paa Krykker?
Er Phoebi Harpe-Spil Nu slagen slet i Stykker?
Hvorledes er det fat Med Frue Minervæ Sager?
Har hun ald Fryd forladt Og holder Sørge-Dager?
Er nu Parnassi Slot Forstyrret slet og øde?
Er Musa Banqverot? Er alle Nympher døde?
Har ald Poeters Ven Sit Skriver-Tøy forsoren?
Er Blæk, Papir og Pen Forsvunden og forloren?
Min Pen tre Gange har Til Dorothea ganget,
Men ey Bogstav og Svar Til Dato har erlanget.

Petter Dass' rimbrev til Dorothea Engelbrets-Datter[1]

VerklisteEndra

  • Siælens Sang-Offer, indholdende gudelige Sange paa de fornemste Fester, salmar, 1678
  • Taare-Offer, gudelige Siæle til Underviiszning, andaktar i verseform, 1658
  • Tvende ny aandelige Psalmer, salmar, 1690
  • Tvende meget smucke ny Psalmer, salmar, 1705

BakgrunnsstoffEndra

KjelderEndra

  1. Dag og Tid 23. april 2013.