Ein dose er den mengda som skal nyttast av eit legemiddel. Ein enkel dose er den porsjonen som skal gjevast på éin gong. Dagleg dose eller døgndose er den samla mengde av eit legemiddel som kan eller skal gjevast i løpet av dagen eller døgnet. For dei fleste sterkverkande legemidlar, som atropin, kokain og morfin, vert det gjeve ein maksimaldose både for enkeltdosen og døgndosen. Når eit legemiddel vert føreskrive i eit preparat, framstilt på apoteket for den enkelte pasienten, i eit større enkelt eller dagleg dose enn den maksimaldosen som er gjeven i medisinalteksten, så skal dosen på resepten vere gjeven både med tal og bokstavar.

Sjå òg endre