Dregs of the Earth
Dregs of the Earth Studioalbum av Dixie Dregs | ||
Utgjeve | 1980 | |
Sjanger | Instrumental rock, jazz fusion | |
Lengd | 36:14 | |
Selskap | Arista | |
Produsent | Steve Morse | |
Dixie Dregs-kronologi | ||
---|---|---|
Night of the Living Dregs (1979) |
Dregs of the Earth | Unsung Heroes (1981)
|
Dregs of the Earth er det femte studioalbumet til den amerikansk jazzfusiongruppa Dixie Dregs.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Rolling Stone Jazz Record Guide | [2] |
Det vart nominert til Grammyprisen for beste rockeinstrumental.[3]
Allmusic skreiv: «Grunnforma er den same som på dei førre albuma, men der What If var litt psykedelisk og jazz-prega og «Night of the Living Dregs» var meir country og nesten folkrockaktig, er dette albumet meir straumlinjeforma og hardare, og synte fram mot den meir polerte og fokuserte retninga prog og instrumentalrock tok i 1980-åra. Så somme av spora her er nesten streit rock, som gjev Steve Morse mykje rom til å syne seg fram med ein større og meir forvrengd tone enn han hadde nytta tidlegare. I mine øyre er summen av delane på dette albumet ei lita forbetring over Night of the Living Dregs, men let framleis What If vere det klart beste albumet i katalogen deira.»[1]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Steve Morse.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Road Expense» | 3:24 |
2. | «Pride o' the Farm» | 3:40 |
3. | «Twiggs Approved» | 4:29 |
4. | «Hereafter» | 6:21 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «The Great Spectacular» | 3:20 |
6. | «Broad Street Strut» | 3:54 |
7. | «I'm Freaking Out» | 9:06 |
8. | «Old World» | 2:00 |
Medverkande
endreDixie Dregs:
- Steve Morse - akustisk og elektrisk gitar, banjo, pedalsteelgitar
- Andy West - bassgitar og bandlaus bass
- Allen Sloan - akustisk og elektrisk fiolin, bratsj
- Rod Morgenstein - trommer og perkusjon
- T Lavitz - akustisk og elektrisk piano, orgel, synthesizer, clavinet
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dregs of the Earth» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Allmusic review
- ↑ Swenson, J., red. (1985). The Rolling Stone Jazz Record Guide. USA: Random House/Rolling Stone. s. 62. ISBN 0-394-72643-X.
- ↑ «DIXIE DREGS Dregs Of The Earth music reviews and MP3». www.progarchives.com. Henta 12. desember 2020.