Drevvatnet

(Omdirigert frå Drevvatn)

Drevvatnet eller Drevvvassbygda er ei bygd i Vefsn kommune i Nordland. Bygda ligg ved Drevvatnet i Elsfjord sokn. Drevvatn stasjon er stoppestad på Nordlandsbanen. Stasjon vart opna i 1941, og ligg 92,9 moh.

Drevvatnet
innsjø
Drevvatnet frå Toven.
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Vefsn
Høgd over havet 48 moh.
Areal 4,93 km²
Kystlengd1 11,74 km
Koordinatar 66°3′23″N 13°23′39″E / 66.05639°N 13.39417°E / 66.05639; 13.39417
Kart
Drevvatnet
66°03′23″N 13°23′39″E / 66.056388888889°N 13.394166666667°E / 66.056388888889; 13.394166666667
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Til Drevvassbygda reknar ein i tillegg til garden Drevvatnet òg gardane Drevvassbukta (og skrive Drevvassbotnet) og Dyrhaugen.

Innsjøen Drevvatnet er 4,956 km² og ligg 48 m.o.h.. Norddelen av vatnet ligg i Elsfjord sokn, men sørdelen, med garden Vasshauet (òg skrive Vasshovud, Vadshaug eller Drevvasshovud) og garden Rognryggen ligg i Drevja sokn, det òg i Vefsn kommune. Ved Vasshauet renn elva Drevja ut. Drevjavassdraget er eit verna vassdrag.

Bakgrunnsstoff

endre