Opna hovudmenyen

Dronning Maudfjella er ei stor fjellkjede som høyrer til Dei transantarktiske fjella, mellom Beardmorebreen og Reedybreen og omfattar området frå starten av Rossisen til polarplatået i Antarktis. Kaptein Roald Amundsen og laget hans som reiste til Sørpolen gjekk opp Axel Heiberg-breen nær midten av denne fjellgruppa i november 1911. Dei kalla desse fjella opp etter dronning Maud av Noreg.[1]

Dronning Maudfjella
fjellkjede
AN -Victoria Land.png
Kart over området
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Marie Byrd Land, Ross Dependency
 - koordinatar 86°00′S 160°00′W
Administrert under Antarktistraktaten
Dronning Maudfjella is located in Antarktis
Dronning Maudfjella (Antarktis)
Wikimedia Commons: Queen Maud Mountains

Høgdene kring Beardmorebreen heilt vest i desse fjella vart observert av dei britiske ekspedisjonane leia av Ernest Shackleton (1907-09) og Robert Falcon Scott (1910-13), men heile fjellkjeda vart kartlagd av fleire amerikanske ekspedisjonar leia av Richard Evelyn Byrd (1930- og 1940-åra) og United States Antarctic Program (USARP) og New Zealand Antarktis Research Program (NZARP) ekspedisjonar frå 1950-åra til 1970-åra.[1]

Dronning Maudfjella er delt inn i følgjande fjellgrupper:

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 «Dronning Maudfjella». Geographic Names Information System, U.S. Geological Survey. Henta 19. oktober 2012.