Duftspore

planteart
Duftspore

Status i verda: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Gymnadenia
Art: G. odoratissima
Vitskapleg namn
Gymnadenia odoratissima
(Linné) Rich.
Økologi
Habitat: kalkrik grasmark
Utbreiing: Europa

Duftspore (Gymnadenia odoratissima) er ei plante i brudesporeslekta Gymnadenia i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1] Ho veks ikkje i Noreg.

Utbreiing

endre

I Sverige finst duftspore (svensk namn luktsporre) på Gotland og på nokre få spreidde funnstader på fastlandet. Arten er Sverige rekna som nær truga (NT).[2]

Arten finst òg i Estland (estisk namn lõhnav käoraamat), der han veks mest i nord og på Saaremaa. Han er rekna som sårbar (VU).[3] I Litauen (litauisk namn kvapusis plauretis)[4] vart han første gong funnen i 1979 og er kjend frå ein enkelt lokalitet sør i landet.[5] Han er rekna som kritisk truga (CR).[6]

I Benelux har tidlegare registreringar av arten (nederlandsk namn welriekende muggenorchis, fransk namn orchis odorant) i Nederland synt seg å vere hybridar mellom brudespore og artar i marihandslekta. I Flandern i Belgia er han ikkje registrert, medan det finst nokre få funn i Vallonia.[7] I den belgiske raudlista for Vallonia er arten rekna som kritisk truga (CR, menacé d'extinction).[8] I Luxembourg er han rekna som regionalt utdøydd (RE).[9]

Hybridar

endre

Hybriden mellom duftspore og brudespore (Gymnadenia conopsea × odoratissima eller Gymnadenia ×intermedia)[10] har vore registrert i Sverige.[11]

Duftspore kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med skogmarihand (Dactylorhiza maculata ssp. fuchsii × Gymnadenia odoratissima), som òg er registrert i Sverige.[12]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar duftspore». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  2. «Artfakta: Gymnadenia odoratissima luktsporre». Artdatabanken. Henta 1. mars 2022. 
  3. «eElurikkus: Gymnadenia odoratissima» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  4. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 28-29. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  5. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  6. Valerijus Rašomavičius, red. (2021). Lietuvos raudonoji knyga / Red Data Book of Lithuania (PDF) (på litauisk og engelsk). Aplinkos ministerija (Miljødepartementet). s. 407. ISBN 978-9955-37-230-1. Henta 4. februar 2023. 
  7. «Welriekende muggenorchis – Gymnadenia odoratissima». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  8. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  9. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  10. «PoWO: Gymnadenia × intermedia». Plants of the World Online. Henta 31. januar 2023. 
  11. «Artfakta: Gymnadenia conopsea × odoratissima brudsporre × luktsporre». Artdatabanken. Henta 31. januar 2023. 
  12. «Artfakta: Dactylorhiza maculata subsp. fuchsii × Gymnadenia odoratissima skogsnycklar × luktsporre». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre