Duktilitet

(Omdirigert frå Duktil)

Duktilitet eller formbarheit er evna eit material har til å la seg forme ved plastisk handsaming. Det motsette er sprøheit.

Spenningstest av ei aluminimulegering. Den lokale halsen og den kjegleforma brotflata er typisk for duktile metall.

Døme på slik handsaming kan vere smiing, valsing, trekking og liknande. Som eit mål for duktilitet nyttar ein som regel brotforlenging eller innsnøring avgjort ved strekkprøving. Duktiliteten hos eit metall er avhengig av samansetnaden, strukturen og termisk og mekanisk forhistorie. Normalt finn ein størst duktilitet hos særs reine metall.

Kjelder endre

duktilitet. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/duktilitet