Dunsongarfamilien
Dunsongarfamilien, Macrosphenidae, på engelsk kalla 'African warblers', er ein biologisk familie av sporvefuglar som nyleg er skildra. Dei fleste av artane var tidlegare plassert i songarfamilie Sylviidae, sjølv om ein art, steinhoppar, Achaetops pycnopygius, sist var plassert saman med klippehopparar.[1] Ei rekkje molekylære studiar av songarar og andre fuglefamiliar i superfamilien Sylvioidea, som òg inkluderer lerker, svaler og meiser, fann at afrikanske songarar ikkje var ein del av familien Sylviidae, men i staden ei tidleg basal linje til heile kladen Sylvioidea.[2][3]
Dunsongarfamilien | |
Kanelbukstumpsongar, Sylvietta rufescens Foto: Alan Manson
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Dunsongarfamilien Macrosphenidae Wolters, 1983 |
Utbreiing og habitat
endreAfrikanske songarar lever i ei rekkje habitat i Afrika sør for Sahara. Desse spenner frå primær regnskog til skogbryn og ope skogsterreng leveområde for dunsongarane, skogkledde savanne å torekratt og buskas for sumpsongarane, tørre steinurområde og grassletter for steinhopparen, og grassletter for skjeggsongaren og stråsongaren. Familien er i det meste ikkje-vandrande, sjølv om både skjeggsongaren og savannestumpsongaren gjer nokre meir avgrensa rørsler i Vest-Afrika i samband med regntida.[4]
Skildring
endreAfrikanske songarar varierer i storleik frå mindre sumpsongarane, som måler 8 cmi lengd og veg så lite som 6,5 gram, til stråsongaren, med 19-23 centimeter i lengd og skjeggsongaren som veg 29-40 gram. Det er stor skilnad i utsjånad mellom slektene, til dømes har stråsongaren, skjeggsongaren og fynbossongar har lange utvaksne halar, medan sumpsongarane har halar som knapt strekkjer seg utover haledekkfjørene og dei folda vengespissane.[4]
Åtferd
endreAfrikanske songarar er insektetarar, og tar ei rekkje insekt som byttedyr. Dunsongarane og sumpsongarane beitar i trekroner og i buskar, anten som einslege eller parvis, og nokre gonger i små grupper, medan andre artar er meir bakkenære i leveviset. Der to artar deler utbreiingsområdet, slik som med ruststumpsongar og kanelbukstumpsongar, oppstår nisjepartisjonering, med éin art som beitar høgt i trekronene og den andre arten som beitar lågare ned i buskar og tre. Nokre artar av både dunsongarar og sumpsongarar har vore observert som deltakarar i fleirartsflokkar.[4]
Hekkinga skjer sesongmessig, og er vanlegvis tidfesta til å falle saman med slutten av den tørre sesongen og byrjinga av regntida, blant artar med store område kan dette føre til monaleg variasjon med omsyn til nøyaktig timing. Det manglar informasjon for mange artar, men for dei som har vorte studerte, ser ein at afrikanske songarar er territoriale og monogame. Utforming av reiret varierer innanfor familien, sumpsongarane konstruere djupe lommeforma reir som hengjer ned frå ei grein, medan fynbossongar, stråsongaren og skjeggsongaren konstruere koppfoma reir voven av gras.[4]
Status og vern
endreStørstedelen av artar i denne familien blir rekna å vere ganske sikre, og er oppførte med status livskraftig av IUCN. Ein art, bengueladunsongar, er oppført som truga. Arten er endemisk for skog funnen på bratte åssider i Vest Angola, eit habitat truga av avskoging og spreiing av rydding og brenning i landbruket, og bestanden er rekna å vere mindre enn tusen og er enno minkande. Ein annan potensiell bekymring gjeld ein underart av kvitbrynstumpsongar. Statusen til dette er usikker, sidan konfliktar har hindra undersøkingar i leveområdet, men han kan vere utrydda.
Artslista
endreDunsongarar Macrosphenidae i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.1, 2021,[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]
- Slekt Melocichla
- Skjeggsongar, Melocichla mentalis, Moustached Grass Warbler, (Fraser, 1843), (LC)
- Slekt Sphenoeacus
- Stråsongar, Sphenoeacus afer, Cape Grassbird, (Gmelin, JF, 1789), (LC)
- Slekt Achaetops
- Steinhoppar, Achaetops pycnopygius, Rockrunner, (Sclater, PL, 1853), (LC)
- Slekt Macrosphenus
- Guldunsongar, Macrosphenus flavicans, Yellow Longbill, Cassin, 1859, (LC)
- Rustdunsongar, Macrosphenus kempi, Kemp's Longbill, (Sharpe, 1905), (LC)
- Grådunsongar, Macrosphenus concolor, Grey Longbill, (Hartlaub, 1857), (LC)
- Bengueladunsongar, Macrosphenus pulitzeri, Pulitzer's Longbill, Boulton, 1931, (EN)
- Tanzaniadunsongar, Macrosphenus kretschmeri, Kretschmer's Longbill, (Reichenow & Neumann, 1895), (LC)
- Slekt Sylvietta
- Savannestumpsongar, Sylvietta brachyura, Northern Crombec, Lafresnaye, 1839, (LC)
- Ruststumpsongar, Sylvietta whytii, Red-faced Crombec, Shelley, 1894, (LC)
- Somalistumpsongar, Sylvietta philippae, Philippa's Crombec, Williams, JG, 1955, (DD)
- Kanelbukstumpsongar, Sylvietta rufescens, Long-billed Crombec, (Vieillot, 1817), (LC)
- Isabellastumpsongar, Sylvietta isabellina, Somali Crombec, Elliot, DG, 1897, (LC)
- Raudkinnstumpsongar, Sylvietta ruficapilla, Red-capped Crombec, Barboza du Bocage, 1877, (LC)
- Grønstumpsongar, Sylvietta virens, Green Crombec, Cassin, 1859, (LC)
- Sitronbukstumpsongar, Sylvietta denti, Lemon-bellied Crombec, Ogilvie-Grant, 1906, (LC)
- Kvitbrynstumpsongar, Sylvietta leucophrys, White-browed Crombec, Sharpe, 1891, (LC)
- Slekt Cryptillas
- Fynbossongar, Cryptillas victorini, Victorin's Warbler, (Sundevall, 1860), (LC)
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Macrosphenidae» frå Wikipedia på engelsk, den 13 januar 2011
- Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011), Updates & Corrections – August 2011, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology
Referansar
endre- ↑ Clements et al 2011: Ref til side ny familie 'African Warblers' (Macrosphenidae)
- ↑ Beresford P., F.K. Barker, P.G. Ryan, and T.M. Crowe (2005). «African endemics span the tree of songbirds (Passeri): Molecular systematics of several evolutionary ‘enigmas». Proceedings of the Royal Society B 272: 849–858.
- ↑ Johansson Ulf, J. Fjeldså, Rauri C.K. Bowie (2008). «Phylogenetic relationships within Passerida (Aves: Passeriformes): A review and a new molecular phylogeny based on three nuclear intron markers» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolutio 48: 858–87.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Franz Bairlein, Per Alström, Raül Aymí, Peter Clement, Andrzej Dyrcz, Gabriel Gargallo, Frank Hawkins, Steve Madge, David Pearson & Lars Svensson (2006). «Family Sylviidae (Old World Warblers)». I Del Hoyo J.; Elliot, A.; Christie D. Old World Flycatchers to Old World Warblers. Handbook of the Birds of the World. Band 11. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 849655306X.
- ↑ Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.1). doi : 10.14344/IOC.ML.11.1 Henta 7. mars 2021
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
Bakgrunnsstoff
endre- (no) Macrosphenidae hos Artsdatabanken
- (en) Macrosphenidae i Encyclopedia of Life
- (en) Macrosphenidae i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Macrosphenidae hos Fossilworks
- (en) Macrosphenidae hos ITIS
- (en) Kategori:Macrosphenidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Macrosphenidae – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Macrosphenidae – detaljert informasjon på Wikispecies