Durian

planteslekt i kattostfamilien
Durian
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Kattostordenen Malvales
Familie: Kattostfamilien Malvaceae
Underfamilie: Helicteroideae
Slekt: Durian Durio
Adans., 1763

Durian (Durio zibethinus) er ei tropisk frukt som veks på duriantreet frå kattostfamilien. Frukta blir også kalla stinkfrukt på grunn av den sterke lukta si.

Treet blir 20 meter høgt. Det høyrer heime på dei søraustasiatiske øyene, og blir dyrka fleire stader i tropane. Frukta er klubbeforma, har piggete skal og fruktkjøt som er gult eller kvitt og delt inn i seksjonar med 1–7 store frø i kvar. Fruktene er store som melonar og veg eit par kilo. Dei fell ned frå treet når dei er mogne, og det kan vera svært farleg å gå under trea i haustetida.

Durian kan etast rå eller kokt. Fruktkjøtet er illeluktande, men velsmakande. Lukta og smaken kan minna om hydrogensulfid, men ein kan venja seg til og setja stor pris på han. Fruktene er rike på sukker og stive.

Frøa kan ristast eller steikast.

Kjelder endre

«duriantre» i Store norske leksikon, snl.no.