Dwain Anthony Chambers (fødd 5. april 1978) er ein britisk tidlegare friidrettsutøvar frå London. På 100 meter tok han sølv i europameisterskapen 1998 og bronse i verdsmeisterskapen 1999. I stafettløp over 4 x 100 meter var han med om å vinne sølv i VM 1999 og gull i EM 2006. Under hall-VM 2010 vann 60-meteren.

Dwain Chambers


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 5. april 1978 (46 år)
London
Idrett friidrett, sprintløp
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2002

Aktiv endre

Chambers vart andremann på 100 m ved EM 1998 i Budapest, slått av landsmannen Darren Campbell. Året etter sette han personleg rekord med 9,97 sekundar og kneip bronsemedaljen på 100 meter då VM 1999 fann stad i Sevilla. Deretter sprang han som ankermann Storbritannia inn til europarekord og sølvmedalje i 4 x 100 meter stafett, laget elles bestod av Jason Gardener, Darren Campbell og Marlon Devonish. Under Sommar-OL 2000 i Sydney enda Chambers på fjerdeplassen på 100 m, same plassering fekk han på distansen også ved VM 2001 i Edmonton.

Doping endre

I europameisterskapen 2002 i München var Chambers fyrstemann på 100-meteren framom Francis Obikwelu, før han så var med om å vinne 4 x 100 m stafett. I oktober 2003 kom for ein dag at Chambers 1. august hadde testa positivt på steroidet tetrahydrogestrinon. Det britiske friidrettsforbundet stengde han ute frå idretten i to år, og alle resultata hans etter 1. januar 2002 vart annullert.

Tilbake endre

År 2006 kom Chambers tilbake på friidrettsbana. Under europameisterskapen i Göteborg kvalifiserte han seg til finalen på 100-meteren og han tok gull med det britiske mannskapet i 4 x 100 meter stafett. Sidan deltok han i 100-meterfinalen både ved VM 2009 og EM 2010.

Chambers sigra på 60 meter både ved hall-EM 2009 i Torino og hall-VM 2010 i Doha. I Torino sette han europarekord med 6,42 sekund i semifinalen. I 2014 var han to hundredels sekund for seint i mål til å ta bronsemedaljen på 100 m ved europameisterskapen i Zürich.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre