Dyirbal er eit australsk språk i den pama-nyunganske språkfamilien. På grunn av R.M.W. Dixon si doktoravhandling frå 1968 er dyirbal svært godt kjend blant lingvistar, og det blir ofte brukt som døme på australske språk. Genussystemet i dyirbal har gjeve namnet til George Lakoff si kjende bok Women, fire and dangerous things, eit av dei sentrale verka innanfor kognitiv lingvistikk.

Dyirbalsk
dyirbal
Klassifisering australsk
 pama-nyungansk
  dyirbaliske språk
Bruk
Tala i Australia
Område I den nordaustre delen av Queensland
Dyirbalsktalande i alt ca. 5
Språkkodar
ISO 639-3 dbl

Avleidde språk endre

Tradisjonell dyirbal hadde eit avgrensa språk, eit såkalla svigermorspråk, som vart brukt når talarane var innom høyrevidde til personar i slekta dei ikkje kunne snakke til, som svigermor, svigerbarn, barna til fars søster eller morbror. Dyirbal sitt svigermorspråk vart kalla dyalŋuy, mens «vanleg» dyirbal vart kalla guwal. I følgje Dixon 1983 har dyalŋuy ikkje vore i bruk sidan 1930-talet.

Lydsystem endre

Vokalar endre

Konsonantar endre

Fonologi endre

Historiske lydendringar endre

Grammatikk endre

Dyirbal er kjend for det ergative kasussystemet sitt.

Ordforråd endre

Genussystem endre

Tradisjonell dyirbal har 4 genera, som blir markert ved at talaren sett ein variant av eitt av dei fire orda, bayi, balan, balam, bala foran substantiv. Genus I (bayi) er for menneske av hankjønn og levande vesen som ikkje er menneske, genus II (balan) for menneske av hokjønn, vatn, eld og slagsmål, genus III (balam) for etande frukt og grønsakar, og genus IV (bala) for alt anna. For å vere i stand til å gi rett genus til orda i dyirbal må ein kjenne tradisjonell dyirbalmytologi. Ord for fuglar får til dømes genus II, fordi mytologien seier at fuglane er sjelene til døde kvinner. Månen og sola er i mytologien mann og kone, og dermed er ordet for måne, gagara, genus I og ordet for sol, garri, genus II

I moderne dyirbal er balam-genus forsvunne, orda herfrå er no i bala-genus IV. Genus I, bayi, er som før, balan-genus er berre for menneske av hokjønn, og bala-genus er som før genus for alt anna.

Historie endre

I starten av 1800-talet var det sannsynlegvis minst 5000 dyirbal-talarar.

I 1963, då R.M.W. Dixon starta arbeidet sitt med dyirbal, var det sneisvis med talarar, også barn. I løpet av tiåra etterpå har talet på talarar gått drastisk ned, og det er i dag berre eit par att. Allereie i starten av 1980-talet var dyirbal-grammatikken drastisk endra samanlikna med det Dixon kunne dokumentere i 1963.

Litteratur endre

  • Dixon, Robert Malcolm Ward (1972): The Dyirbal Language of North Queensland. Cambridge et al.: University Press, 1972 (PhD-Thesis, Univ. London, 1968)
  • Dixon, Robert Malcolm Ward (1983): Searching for Aboriginal Languages. Memoirs of a field worker. St Lucia: University of Queensland Press, 1983
  • Schmidt, Annette (1980): "Young people's Dyirbal. An example of language death from Australia"

Bakgrunnsstoff endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.