Dyreidrett

(Omdirigert frå Dyresport)

Dyreidrett er idrett som vert utført av menneske saman med dyr, eller av dyr åleine. Slike idrettar har vore populære sidan oldtida, og fleire dyrerasar er ala fram spesielt for å kunne konkurrera, til dømes i å springa fort eller slåst. Særleg hundar og hestar blir brukte til slike idrettar.

Sledehundar står klare til å trekka ein slede.

Løp endre

Menneske liker å tevla om kven som er raskast, og når det gjeld dyr gjerne vedda om det. Ettersom mange dyr spring raskare enn menneske, har ein funne opp fleire idrettsgreiner der dei kan konkurrera mot kvarandre. Ein finn løp med hundar, hestar og kamelar med eller utan sleder, vogner eller ryttarar som konkurrerer med kvarandre. Raske dyr vert verdsette og brukt i avl, dyr som taper vert ofte slakta.

Døme:

Slosting endre

 
Hanekamp i India.

Menneske har mora seg over heile verda ved å sjå ulike dyr slost mot kvarandre, eller mot menneske. I mange tilfelle har ein teke ein art der hannane slost om dominansen, sleppt dei saman og ofte lete dei slost til ein av dei døyr, som med kamphanar og kampfisk. I andre har ein forvirra eller såra dyr slik at dei blir aggressive. Dette har òg vore kombinert med slosting mot menneske, i tidlegare tider i gladiatorkampar og i moderne tider i tyrefekting.

Evner endre

Ei mindre blodig form for dyreidrett er dei greinene der ein prøver kor flinke dyra er til ein visse ting, til dømes til å gjeta sauer eller hoppa over hinder. Mange av desse idrettane er relativt nye, og er ofte komne til som følgje av at ein ønskjer å bruka dyr til sport utan at dei tek skade av det.

Døme:

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Dyreidrett