Opna hovudmenyen

Vitskapsmannen SetäläEndra

Setälä er berømd for som 17-åring å ha skrive Suomen kielen lauseoppi, 'Det finske språkets syntaks', ei bok som skulle kome til å bli standardverket innanfor finsk syntaks i to mannsaldrar. Boka var mykje godt basert på A.W. Jahnsson's avhandling Finska språkets satslära og Josef Budenz's grammatikk Finn nyelvtan olvasmányokkal és szótárral, men ho var skriven på finsk, av ein finne, og var på ein måte det rette verket til rett tid for den unge finske nasjonen. Setälä var sentral i å innføre junggrammatikken i Finland, eit paradigme som skulle kome til å dominere finsk språkforsking til langt innpå 1970-talet. Han var sterkt påverka av den danske språkforskaren Vilhelm Thomsen, og gifta seg også i 1913 med dottera hans, Kirsti Thomsen.

 
E.N. Setälä på finsk frimerke

I 1890-1891 utkom det viktige Yhteissuomalainen äännehistoria, 'Fellesfinsk lydhistorie', eit verk som påverka debatten kring lydhistoria, særleg kring ulike teoriar om finsk stadieveksling, for fleire tiår. Seinare forsking har forkasta Setälä sine teoriar.

Setälä grunnla i lag med Kaarle Krohn tidsskriftet Finnisch-ugrische Forschungen, ssv. det viktigaste fennougristiske tidsskriftet, og i det første nummeret publiserte han skildringa av det finsk-ugriske fonetiske alfabetet, fennougristikkens parallell til Norvegia.

Politikaren SetäläEndra

Setälä var politikar, m.a. utdanningsminster i 1917-1918 og 1925 og utanriksminsiter i 1925-1926, og ambassadør i København og Budapest i åra 1972-1930. Setälä var sentral i opprettinga av det finskspråklege universitetet i Åbo, Turun yliopisto, på ein svært dramatisk måte: Han ville nemleg gjere heile universitetet om til ein forskingssentral for finskugriske språk, Suomen Suku, ein forskingssentral som han var deleigar av.

BibliografiEndra

LitteraturEndra

  • Fred Karlsson (1999): E.N. Setälä vaarallisilla vesillä
  • Paavo Ravila (1964): E.N. Setälä kielentutkijana.