Karragenan

kjemisk sambinding
(Omdirigert frå E407)

Karragenan er eit finmale pulver som er produsert av raudalgar. Stoffet er i næringsmiddelteknologien brukt som fortjukkingsmiddel og stabilisator i mellom anna iskrem, sjokolademjølk og ferdigproduserte puddingdessertar, og har den eigenskapen at det dannar gelé når det blir blanda med mjølk. I produkt med redusert feittinnhald kan karragenan tilsetjast for å gjere konsistensen saftigare, til dømes i produkt som pølser og leverpostei. E-nummeret til stoffet er E407.[1][2]

Eucheuma denticulatum dyrka for iota-karragenan, frå Bweleo på Zanzibar i Tanzania.

Karragenan har inkje næringsinnhald. Kjemisk er det eit heterogent polysakkarid bygd opp av dei enkle sukkerartane D-galaktose og 3,6-anhydro-D-galaktose. Karragenan har vorte kopla til danning av betennelse i tjukktarmen, som mellom anna kan føre til tarmkreft.[3][4][5] Andre studiar utførte av Livsmedelsverket i Sverige og Verdas helseorganisasjon (WHO) vurderer stoffet som trygt å få i seg.[6] I Noreg har matprodusentar som Nortura og Orkla ASA vedteke å fase ut karragenan frå alle produkta sine.[7]

Referansar endre

  1. «karragenan». Det Norske Akademis ordbok. Henta 14. oktober 2018. 
  2. «karragenan». Store norske leksikon. Henta 14. oktober 2018. 
  3. «Is Carrageenan Safe?». Andrew Weil. Henta 14. oktober 2018. 
  4. «Is Carrageenan Bad For You?». Is It Bad For You?. Henta 14. oktober 2018. 
  5. «Kosthold ved Ulcerøs Kolitt og Crohns Sykdom». Lommelegen. Arkivert frå originalen 15. oktober 2018. Henta 14. oktober 2018. 
  6. «Karragenan – är det farligt eller inte?». metro.se. Arkivert frå originalen 16. oktober 2018. Henta 16. oktober 2018. 
  7. «Derfor fjernes karragenan fra mange matprodukter nå». Verdens Gang. Henta 21. september 2022.