European Centre for Medium-Range Weather Forecasts

(Omdirigert frå ECMWF)

51°25′10″N 0°57′03″W / 51.41956°N 0.95077°W / 51.41956; -0.95077

ECMWFs hovudkontor

European Centre for Medium-Range Weather Forecasts (ECMWF) er ein internasjonal meteorologisk organisasjon med base i Reading i England. Han vart grunnlagd i 1975. ECMWF vert nytta av dei fleste nasjonale meteorologiske institut blant medlemslanda, inkludert Meteorologisk Institutt i Noreg. Òg private vêrselskap som StormGeo nyttar denne modellen.

Mål endre

Måla til ECMWF er:

  • Utvikle numeriske metodar for vêrvarsling.
  • Klargjere vêrvarsel for distribusjon til medlemsland.
  • Vitskapleg og teknisk forsking for å betre desse varsla
  • Samle inn og lagre meteorologiske data

Arbeid og prosjekt endre

ECMWF har produsert operasjonelle vêrvarsel sidan 1. august 1978. Den operasjonelle vêrmodellen (T799) til ECMWF dekkjer i dag heile kloden med ei oppløysing på 25 km. Han vert køyrt to gonger i døgnet, EC00 og EC12, der 00 UTC og 12 UTC er analysetidspunkta (starttidspunktet) for dei to modellane og går ti dagar framover i tid. I tillegg vert det køyrt eit ensemblevarsel med 51 medlemmar to gonger døgnet. Desse går 15 dagar framover i tid, men kvar av dei 51 modellkøyringane har dårlegare oppløysing enn den operasjonelle eler deterministiske modellkøyringa. EC har òg ein eigen bølgjemodell som vert køyrt to gonger i døgnet, basert på den atmosfæriske informasjonen som atmosfæremodellane gjev.

Ein gong i veka vert det laga eit månadsvarsel som går 30 dagar framover i tid, samt sesongvarsel laga kvar månad for dei neste 90 dagane.

Dei har òg gjennomført to reanalyseprosjekt, den første (ERA-15) genererte reanalysar frå desember 1978 til februar 1994, medan ERA-40 genererte reanalysar frå september 1957 til august 2002.

Medlemsland endre

Det finst 18 europeiske medlemmar i ECMWF: Austerrike, Belgia, Danmark, Finland, Frankrike, Tyskland, Hellas, Republikken Irland, Italia, Luxembourg, Nederland, Noreg, Portugal, Spania, Sverige, Sveits, Tyrkia og Storbritannia

 
Medlemsland

ECMWF har òg samarbeidsavtalar med andre land: Kroatia, Tsjekkia, Estland, Island, Litauen, Ungarn, Marokko, Romania, Serbia og Slovenia.

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Woods, Austin (2006). Medium-Range Weather Prediction - the European Approach. Springer. ISBN 978-0387269283. 

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre