EHF-meisterligaen i handball 2012/Menn

Meisterligaen i handball 2012 for menn var ei turnering arrangert av Europas handballforbund (EHF) som tok til med kvalifiseringsspel, deretter spel i fire grupper à seks lag. Dei 16 beste laga i gruppespelet gjekk så vidare til utslagsspel med heimekamp og bortekamp. Vinnarane av kvartfinalane møttest til finalespel i Köln helga 26. og 27. mai.

FinalespeletEndra

  • THW Kiel – Füchse Berlin 25–24
  • BM Atlético Madrid – AG København 25–23

BronsefinalenEndra

  • AG København – Füchse Berlin 26–21

FinalenEndra

  • THW Kiel – BM Atlético Madrid 26–21

Kiel tok føringa og leia 13–10 ved pause. I den andre omgangen auka det tyske laget til femmålssiger.

THW Kiel stilte med Thierry Omeyer og Andreas Palicka i mål. Svensken Kim Andersson vart toppskårar (7), elles netta Filip Jícha (6), Dominik Klein (3), Momir Ilić (3), Daniel Narcisse (2), Marcus Ahlm (2) og Aron Pálmarsson (2).

Med sine 5 mål skåra makedonaren Kiril Lazarov oftast for BM Atlético Madrid.

KjelderEndra