Opna hovudmenyen
Deltakarlanda i fotball-EM 2000
Finalemannskapa før avspark, Frankrike til venstre

Europameisterskapen i fotball 2000 var den ellevte europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen vart for fyrste gong avvikla i to vertsland; Belgia og Nederland. Begge fekk friplass til sluttspelet, som tok til 10. juni i Brussel og vart avslutta i Rotterdam den 2. juli 2000. Frankrike vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Italia. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; Charleroi, Liège, Brussel, Brugge, Eindhoven, Arnhem, Rotterdam og Amsterdam. 49 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen.

For fyrste og, til 2015, einaste gong, var Noreg med i europameisterskapen for menn. Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Noreg vart nummer tre i gruppe C, og rauk ut med dårlegare målskilnad enn Jugoslavia.

I kvartfinalane vann Portugal, Italia, Frankrike og Nederland over høvesvis Tyrkia, Romania, Spania og Jugoslavia. Begge semifinalane var jamne; Frankrike gjekk til finale på ein såkalla «golden goal» av Zinédine Zidane i det 117. minutt, medan Italia vann over Nederland i straffesparktevling.

Savo Milošević frå Jugoslavia og Patrick Kluivert frå Nederland skåra kvar sine fem mål.

GruppespelEndra

Gruppe AEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Portugal 3 3 0 0 7–2 5 9
2   Romania 3 1 1 1 4–4 0 4
3   England 3 1 0 2 5–6 −1 3
4   Tyskland 3 0 1 2 1–5 −4 1

Gruppe BEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Italia 3 3 0 0 6–2 4 9
2   Tyrkia 3 1 1 1 3–2 1 4
3   Belgia 3 1 0 2 2–5 −3 3
4   Sverige 3 0 1 2 2–4 −2 1

Gruppe CEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Spania 3 2 0 1 6–5 1 6
2   Jugoslavia 3 1 1 1 7–7 0 4
3   Noreg 3 1 1 1 1–1 0 4
4   Slovenia 3 0 2 1 4–5 −1 2

Gruppe DEndra

# Lag K S U T Mål ± P
1   Nederland 3 3 0 0 7–2 5 9
2   Frankrike 3 2 0 1 7–4 3 6
3   Tsjekkia 3 1 0 2 3–3 0 3
4   Danmark 3 0 0 3 0–8 −8 0

FinalenEndra

 
Lagoppstillingane til finalistane under fotball-EM 2000

Finalen i Rotterdam 2. juli 2000 vart spelt på Feijenoord stadion i Rotterdam, med 48 200 tilskodarar til stades. Spissen Marco Delvecchio sende Italia i føringa i det 55. minutt, medan den franske innbyttaren Sylvain Wiltord syrgde for ekstratid då han netta i sluttsekundane. Ein annan fransk innbyttar, David Trezeguet, avgjorde finalen med ein «golden goal» i det 103. minutt.

Frankrike sitt meisterlag bestod av: Fabien Barthez, Lilian Thuram, Marcel Desailly, Laurent Blanc, Bixente Lizarazu, Patrick Vieira, Didier Deschamps, Youri Djorkaeff, Zinedine Zidane, Thierry Henry, Christophe Dugarry. Sylvain Wiltord kom inn for Dugarry i det 58. minutt, David Trézéguet for Djorkaeff i det 76. minutt og Robert Pirès for Lizarazu i det 86. minutt.

Italia mønstra: Francesco Toldo, Gianluca Pessotto, Fabio Cannavaro, Alessandro Nesta, Mark Iuliano, Paolo Maldini, Demetrio Albertini, Luigi Di Biagio, Stefano Fiore, Francesco Totti og Marco Delvecchio. I den andre omgangen kom etter tur Alessandro Del Piero, Massimo Ambrosini og Vincenzo Montella inn i staden for høvesvis Fiore, Di Biagio og Delvecchio.

KjelderEndra