Fotball-EM 2005

(Omdirigert frå EM i fotball 2005)

Europameisterskapen i fotball for kvinner 2005 vart avvikla i grevskapa Lancashire og Cheshire i England i tidsrommet 5.–19. juni 2005. Finalen vart spelt på Ewood Park i Blackburn. Tyskland vart europameister for fjerde gong på rad.

Sluttspelet endre

Turneringa omfatta åtte landslag som var delt inn i to grupper som kvar spelte ein innbyrdes kamp. Sverige vann gruppe A med fem poeng, framfor Finland og Danmark, begge fire poeng, vertsnasjonen England fekk tre poeng. Finland fekk semifinaleplass då laget hadde slått Danmark i innbyrdes oppgjer. Tyskland vann alle kampane i gruppe B og gjekk vidare med ni poeng. Noreg og Frankrike tok begge fire poeng, her gjekk Noreg vidare på betre målskilnad, etter dei to landa hadde spelt 1-1 i gruppespelet. Italia enda sist i gruppe B med tre strake tap.

Semfinalane gjekk av stabelen 15. og 16. juni i høvesvis Preston og Warrington. Tyskland slo Finland 4-1 i den fyrste semifinalen. Den andre gjekk til ekstraomgangar og vart avgjort då Solveig Gulbrandsen gjorde sitt andre mål for dagen i det 109. minutt, dermed sigra Noreg med 3-2.

Finalen endre

Finaledagen var 21 105 tilskodarar til stades på finalearenaen i Blackburn. Dei fekk sjå Tyskland ta leiinga 2-1 til pause, etter to raske tyske mål midtvegs i omgangen, før Dagny Mellgren reduserte for Noreg i det 41. minutt. I andre omgangen la den tyske lagkapteinen Birgit Prinz på til sluttresultatet 3-1.

Det tyske meisterlaget bestod av: Silke Rottenberg, Steffi Jones, Sandra Minnert, Ariane Hingst, Renate Lingor, Britta Carlson, Conny Pohlers, Kerstin Garefrekes, Inka Grings, Birgit Prinz og Anja Mittag, med innbytarane Petra Wimbersky, Sandra Smisek, Sarah Günther.

Noregs sølvkvinner var; Bente Nordby, lagkaptein Ane Stangeland, Gunhild Følstad, Ingvild Stensland, Marit Fiane Christensen, Marianne Paulsen, Trine Rønning, Solveig Gulbrandsen, Lise Klaveness, Dagny Mellgren og Stine Frantzen. Isabell Herlovsen, Marie Knutsen og Kristin Bjerke kom alle innpå i 2. omgang.

Kjelder endre