East Riding of Yorkshire

East Riding of Yorkshire, eller berre East Yorkshire er eit ikkje-metropolitansk og seremonielt grevskap med einskapleg styresmakt i England. For seremonielle årsaker omfattar grevskapet òg byen Kingston upon Hull, som er ei eiga einskapleg styresmakt. Det er kalla opp etter det historiske East Riding of Yorkshire (ein av tre ridings i tillegg til North Riding og West Riding), som òg var eit administrativt grevskap fram til 1974. Frå 1974 til 1996 utgjorde dagens East Riding of Yorkshire den nordlege delen av det ikkje-metropolitanske grevskapet Humberside.

East Riding of Yorkshire
Geografi
Status Seremonielt grevskap og einskaplege styresmakter
OpphavHistorisk
Region Yorkshire and the Humber
Areal 2 409 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

593 700
246,5 /km²
Etnisitet 98,3 % kvite
1,1% sørasiatiske
Distrikt
  1. East Riding of Yorkshire (einskapleg)
  2. Kingston upon Hull (einskapleg)

Landskapet består av låge kalksteinsåsar, Yorkshire Wolds, omgjeve av dei lågtliggande frodige slettene Holderness og Vale of York. Humber-estuaret og Nordsjøen markerer den sørlege og austlege grensa. Ein har gjort arkeologiske funn i alle historiske periodar sidan den siste istida i grevskapet. Det er få store busetnader og ingen industrisenter. Området vert administrert frå byen Beverley.

Økonomien er hovudsakleg basert på jordbruk og turisme, som har medverka til ein landleg karakter i grevskapet.

Namnet kjem frå norrønt þriðing (thridhing, «tredjedel»), som er ei gammal inndeling av grevskap. Det tradisjonelle grevskapet Yorkshire bestod av, som namnet antydar, tre slike einingar - aust, nord og vest. Grevskapet er altså basert på grenser frå mellomalderen. I 1996 vart den nordlege delen av Humberside innlemma i East Riding, det vil si dei tidlegare distrikta Beverley, East Yorkshire, Holderness og den nordlege delen av Boothferry. Desse vert etter grenseendringa ikkje lenger rekna som eigne distrikt.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre