Ecce Cor Meum

album av Paul McCartney
Ecce Cor Meum
Studioalbum av Paul McCartney
Språk engelsk, latin
Utgjeve 25. september 2006
Innspelt 13–17. mars 2006
Studio Abbey Road Studios
Sjanger Klassisk musikk, opera
Lengd 56:50
Selskap EMI Classics
Produsent John Fraser
Paul McCartney-kronologi 
Never Stop Doing What You Love
(2005)
Ecce Cor Meum Memory Almost Full
(2007)
Paul McCartney sin klassisk album-kronologi
Working Classical Ecce Cor Meum Ocean's Kingdom


Ecce Cor Meum er det fjerde klassisk albumet til Paul McCartney. Albumet kom ut 25. september 2006 på EMI Classics. Det er eit oratorium i fire satsar, produsert av John Fraser, og skriven på latinsk og engelsk. Musikken vert framført av orkester med gute- og vaksenkor. Oratoriet var delvis inspirert av den avdøde kona til McCartney, Linda.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[2]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[3]

Historie endre

Det tok meir enn åtte år å lage Ecce Cor Meum, som vart skrive på bestilling for Magdalen College i Oxford. Sir Paul vart invitert av Anthony Smith (president på Magdalen College 1998–2005) til å komponere noko for ein ny konserthall ved skulen.

Komposisjonen vart forseinka då kona til McCartney døydde,[5] og kunne ikkje nyttast til den planlagde opninga av konserthallen. Men prosjektet vart ikkje skrinlagt og vart omsider ferdig og framført i Sheldonian Theatre i Oxford i november 2001. Mellomspelet er ein elergi til Linda McCartney.[5]

Opphavleg vart det presentert i 2001 med eit fullt kor frå Magdalen College, dirigert av Bill Ives i Sheldonian Theatre i Oxford.

Ecce Cor Meum vart produsert av John Fraser og innspelt i Abbey Road Studios mellom 13. og 17. mars 2006.[6] Det vart framført av sopranen Kate Royal, gutar frå Magdalen College Choir, gutar frå Choir of King's College, Cambridge, London Voices og Academy of St Martin in the Fields, dirigert av Gavin Greenaway.

Komposisjonen hadde amerikansk premiere den 14. november 2006 for ein utseld Carnegie Hall i New York City.

Den 3. mai 2007 fekk Paul McCartney-prisen for beste album ved Classical Brits i Royal Albert Hall. Prisen vart stemt fram av lesarane av Classic FM og lyttarar på Classic FM. Albumet nådde andreplassen på Top Classical Albums-lista i USA.[4]

Innhald endre

Komponert og skrive av Paul McCartney.

Nr.TittelLengd
1.«I. Spiritus »12:00
2.«II. Gratia »10:50
3.«Interlude (Lament) »3:56
4.«III. Musica »15:14
5.«IV. Ecce Cor Meum »14:50

Kjelder endre

  1. AllMusic review
  2. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn). New York, NY: Oxford University Press. s. 1257. ISBN 0-19-531373-9. 
  3. «Paul McCartney: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 4. juli 2014. Henta 22. mai 2018. 
  4. 4,0 4,1 PM Wins Best Album At Classical Brit Awards, paulmccartney.com, arkivert frå originalen 10. desember 2011 
  5. 5,0 5,1 Kevin Sullivan og Mary Jordan (7. november 2006). «A Hymn to Yesterday: Paul McCartney Premieres His Choral Work, an Elegy for Linda». The Washington Post. Henta 30. august 2017. 
  6. Paul McCartney's Ecce Cor Meum, EMI Classsics, arkivert frå originalen 26. desember 2010 

Bakgrunnsstoff endre