Echo & the Bunnymen

(Omdirigert frå Echo and the Bunnymen)

Echo & the Bunnymen er eit engelsk post-punkband, danna i Liverpool i 1978. Den opphavlege besetninga bestod av vokalist Ian McCulloch, gitarist Will Sergeant og bassist Les Pattinson. Til rytmar nytta dei ein trommemaskin. I 1980 hadde Pete de Freitas kome med i bandet som trommeslagar, og debutalbumet deira Crocodiles, vart møtt med god kritikk og nådde Topp 20 i Storbritannia. Det andre albumet deira, Heaven Up Here (1981), vart igjen ein kritikarfavoritt og nådde tiandeplassen på den britiske albumlista. Kultstatusen til bandet vart etterfølgd av kommersiell suksess på midten av 1980-talet, då dei fekk ein hitsingel med «The Cutter» og det påfølgjande albumet Porcupine (1983), som nådde andreplassen i Storbritannia. Den neste utgjevinga deira, Ocean Rain (1984), gjorde det òg særs godt i Storbritannia og har sidan vorte rekna som høgdepunktet deira med hitsinglane «The Killing Moon», «Silver» og «Seven Seas». Eit studioalbum til, Echo & the Bunnymen (1987), kom ut før McCulloch forlet bandet for å starte ein solokarriere i 1988. Året etter omkom de Freitas i ei motorsykkelulukke, og bandet dukka opp att med ny besetning. Med dei originale medlemmane Will Sergeant og Les Pattinson kom Noel Burke som vokalist, Damon Reece på trommer og Jake Brockman på klaverinstrument. Denne inkarnasjonen av bandet gav ut Reverberation i 1990, men fekk dårleg kritikk og salstal, og bandet gav seg heilt i 1993.

Echo & the Bunnymen

Will Sergeant (venstre) og Ian McCulloch (høgre) ved Frequenze Disturbate Festival i august 2005
OpphavLiverpool i England
Aktiv1978–1993, 1996 til i dag
SjangerPost-punk, neo-psykedelia, alternativ rock, new wave[1]
Tilknytte artistarElectrafixion
PlateselskapZoo, Sire, Warner Bros., Euphoric, London, Cooking Vinyl, Ocean Rain
MedlemmerIan McCulloch
Will Sergeant}
Tidlegare medlemmerLes Pattinson
Pete de Freitas
Noel Burke
Jake Brockman
Damon Reece

Etter å ha arbeidd i lag som Electrafixion, kom McCulloch og Sergeant igjen i saman med Pattinson i 1997 som Echo & the Bunnymen med ein britisk hitsingel «Nothing Lasts Forever». Eit album med nye songar, Evergreen, fekk god kritikk og bandet la igjen ut opå turne. Sjølv om Pattinson forlet bandet ein andre gong, har McCulloch og Sergeant halde fram å gje ut nye songar som Echo & the Bunnymen, inkludert albuma What Are You Going to Do with Your Life? (1999), Flowers (2001), Siberia (2005) og The Fountain (2009).

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Echo & the Bunnymen in it for the long haul». Chicago Tribune.com. Henta 13. desember 2011. 

Bakgrunnsstoff endre