Opna hovudmenyen

Edøy er ein tidlegare sjølvstendig kommune på Edøya og Smøla i Møre og Romsdal fylke oppretta som Edøy formannskapsdistrikt i 1837.

Kommunen blei første gong delt 1. januar 1874 då Tustern (Tustna) blei skilt ut som eigen kommune. Edøy hadde på dette tidspunktet 2166 innbyggarar.

1. januar 1915 blei kommunen igjen delt då Brattvær og Hopen blei skilt ut som eigne kommunar. Edøy hadde no 973 innbyggarar.

1. januar 1960 blei delinga som blei gjennomført i 1915 reversert, og dei tre kommunane blei igjen ei samla eining – denne gongen med namnet Smøla kommune. Edøy hadde ved samanslåinga 1135 innbyggarar.

FolketalsutviklingEndra

Folketalsutvikling for gamle Edøy kommune frå 1915 til 1960:

1.1.1915[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1960[1]
973 996 1004 1170 1168 1135

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. Folkemengd i Edøy/Smøla 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå