Eda glasmuseum
Eda glasmuseum er eit museum i Eda i Värmland i Sverige. Det vart innvigd i 2000 av Gudrun Wahlqvist frå Statens kulturråd. Museet vart grunnlagd av Eda Glasbruksförening.[1] Det held til i det som ei gong var Folkets Hus på Eda glasbruk. Bygget er teikna av Ludvig Matsson og stod ferdig i 1927.
Eda glasmuseum | |||
| |||
Stad | Eda kommun | ||
---|---|---|---|
Eda glasmuseum 59°55′22″N 12°15′41″E / 59.9228°N 12.2612666667°E |
Museet har ei permanent utstilling som syner glas produsert ved Eda glasbruk frå heile perioden det var drift ved bruket, 1835-1953, i lag med verktøy og fotografi frå verksemda.[2] I tillegg har dei ymse spesialutstillingar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eda glasmuseum» frå Wikipedia på svensk, den 23. oktober 2011.