Eddie & The Showmen

USA-amerikansk band
(Omdirigert frå Eddie & the Showmen)

Eddie & the Showmen var ei amerikansk surferockband tidleg i 1960-åra. Det vart skipa i Sør-California av Eddie Bertrand, som tidlegare haed spelt i The Bel-Airs, og gav ut fleire singlar på Liberty Records.[1] Den største hitten deira i Los Angeles var «Mr. Rebel», som nådde fjerdeplassen på Wallichs Music City Hit List den 10. februar 1964.

Eddie & The Showmen

Bandet oppstod då Bertrand slutta i The Bel-Airs. Medan The Bel-Airs fokuserte meir på samspel med gitaren og ein moderat stil, fokuserte Eddie & The Showmen meir på stilen til Dick Dale med ein dominerande sologitar og ein tyngre stil.[2] Den første trommelagaren i bandet var den tidlegare Mousketeer-trommisen Dick Dodd, som seinare spelte med The Standells. Ein av gitaritane, Larry Carlton, vart sidan ein kjend jazzgitarist, og ein annan var Rob Edwards frå Colours som var gitarist på tittelsporet til surfefilmen Pacific Vibrations.[3]

Ein av dei største hittane til Eddie & the Showmen, «Squad Car», var ein coverversjon av ein av songane til The Bel-Airs.

Eddie Bertrand døydde av kreft i november 2012.[4]

Singlar endre

  • « Mr Moto» med «Little Brown Jug» (1961)
  • «Toes on the Nose» med «Border Town» (1963)
  • «Squad Car» med «Scratch» (1963)
  • «Mr Rebel» med «Movin'» (1963)
  • «Lanky Bones» med «Far Away Places» (1964)
  • «We Are the Young» med «Young and Lonely» (1964)

Albums endre

  • Squad Car (ei singelsamling med sju bonusspor)

Bandmedlemmar endre

  • Eddie Bertrand - produsent og gitarit
  • Rob Edwards - rytmegitar
  • Brett Brady - rytmegitar
  • Larry Carlton - rytmegitar
  • John Anderson - rytmegitar
  • Freddy Buxton - bass
  • Doug Henson - bass
  • Dick Dodd - trommer
  • Michael Mills - trommer
  • Bobby Knight - saksofon
  • Sterling Storm - saksofon
  • Phillip Pruden - saksofon

Kjelder endre

  1. Koda, Cub. «Eddie & the Showmen - Music Biography, Credits and Discography». AllMusic. Henta 3. mars 2018. 
  2. Koda, Cub. «Squad Car - Eddie & the Showmen : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 3. mars 2018. 
  3. «ricky lancelotti». United-mutations.com. Henta 3. mars 2018. 
  4. «Influential surf gitarist Eddie Bertrand of the Bel-Airs dies». Los Angeles Times. 2. november 2012. Henta 3. mars 2018. [daud lenkje]