Opna hovudmenyen

Eddie Cochran

amerikansk songar og gitarist

Eddie Cochran (3. oktober 193817. april 1960) var ein amerikansk rock and roll-pioner som i den korte karrieren sin hadde ein liten men varig innverknad på rockemusikken gjennom gitarspelinga si. Rockabilly-songane til Cochran, som «C'mon Everybody», «Somethin' Else» og «Summertime Blues», fanga tenåringsfrustrasjonen og begjæret seint i 1950- og tidleg i 1960-åra.[1] Han døydde i ei trafikkulukke i London, der både forloveden og songaren Gene Vincent overlevde. Han rekte å gje ut tre album før han døydde, og ei rekkje tidlegare uutgjevne opptak har òg kome sidan.

Eddie Cochran
Eddie Cochran2.jpg
Fødd3. oktober 1938
Albert Lea i Minnesota
FødestadAlbert Lea
Død17. april 1960 (21 år)
Chippenham i Wiltshire i England
DødsstadBath
FødenamnEdward Raymond Cochran
OpphavUSA
Aktiv1953–1960
SjangerRock and roll, rockabilly
InstrumentGitar, vokal
Kjende instrumentGretsch 6120
PlateselskapLiberty
Verka somSongar, låtskrivar, musikar
Sambuar medSharon Sheeley

På trass av den korte karrieren sin, har Cochran hatt ei stor tyding for rockemusikk sidan. Han var ei inspirasjonskjelde både for beat- og mod-rørslene på 1960-talet og punk-rørsla på 1970-talet. Songane hans har seinare vorte spelt av blant andre The Who, The Beach Boys, Sid Vicious, The White Stripes og Paul McCartney. I 1987 vart han innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. Cochran var ein av dei største inspirasjonskjeldene til Joachim Nielsenog Jokke & Valentinerne-songen «Kong Eddie», frå albumet Frelst! er ein hyllestsong til ære for Eddie Cochran.

DiskografiEndra

Plasseringane er frå Billboard Hot 100.

SinglesEndra

Amerikanske albumEndra

Britiske albumEndra

KjelderEndra

  1. «Eddie Cochran Biography». The Rock and Roll Hall of Fame and Museum. Henta 30. september 2011. 
  2. 2,0 2,1 CD liner notes: Eddie Cochran, Singin' To My baby & Never To be Forgotten, 1993 EMI Records

  • Denne artikkelen bygger på «nb:Eddie Cochran|Eddie Cochran]]» frå nb], den 30. september 2011.