Edgar Froese
Edgar Wilmar Froese (6. juni 1944–20. januar 2015) var ein tysk kunstnar og pioner innan elektronisk musikk, mest kjend for å ha starta gruppa Tangerine Dream. Solo- og gruppeinnspelingane hans før 2003 har på namnet «Edgar Froese», men på soloalbuma hans frå 2003 og frametter er han omtalt som Edgar W. Froese.
Edgar Froese | |||
| |||
Fødd | 6. juni 1944 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Sovetsk | ||
Død | 20. januar 2015 (70 år) | ||
Dødsstad | Wien | ||
Fødenamn | Edgar Wilmar Froese | ||
Opphav | Tyskland | ||
Sjanger | Elektronisk musikk | ||
Instrument | Piano, synthesizer, gitar, bassgitar, munnspel, mellotron, orgel, horn, mellofonium | ||
Tilknytte artistar | Tangerine Dream | ||
Plateselskap | Virgin/EMI Records | ||
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Froese vart fødd i Tilsit (Sovetsk) i Aust-Preussen under andre verdskrigen. Han tok pianotimar frå han var 12 år gammal, og starta å spele gitar som femtenåring.[1] Etter å tidleg ha vist interesse for kunst, gjekk Froese på Kunstakademiet i Vest-Berlin for å studere måling og bilethogging. I 1965 starta han bandet The Ones, som spelte rock og R&B. Då dei spelte i Spania, vart dei inviterte til å spele heime hos Salvador Dalí i Cadaqués. Dette møtet vart særs viktig for Froese og det inspirerte han til å eksperimentere meir i musikken. The Ones vart oppløyst i 1967 og gav berre ut ein singel, («Lady Greengrass» / «Love of Mine»).
Etter å ha kome attende til Berlin, byrja Froese å finne musikarar for frirock-bandet som skulle verte Tangerine Dream.
Solodiskografi
endre- Aqua (1974) gjeve ut i to versjonar med forskjellig sporliste, begge i 1974.
- Epsilon in Malaysian Pale (1975) òg gjeve ut som Ypsilon in Malaysian Pale
- Macula Transfer (1976)
- Ages (1978)
- Stuntman (1979)
- Electronic Dreams (circa. 1980) samleplate
- Solo 1974–1979 (1981) samleplate
- Kamikaze 1989 (1982) filmmsuikk for ein tysk film med Rainer Werner Fassbinder
- Pinnacles (1983)
- Beyond the Storm (1995) samleplate
- Introduction to the Ambient Highway (2003) sampler
- Ambient Highway, Vol. 1 (2003) blanding av nye og gamle spor
- Ambient Highway, Vol. 2 (2003) blanding av nye og gamle spor
- Ambient Highway, Vol. 3 (2003) blanding av nye og gamle spor
- Ambient Highway, Vol. 4 (2003) blanding av nye og gamle spor
- Dalinetopia (2004)
- Ages (2005) delvis nyinnspeling
- Epsilon in Malaysian Pale (2005) delvis nyinnspeling
- Stuntman (2005) delvis nyinnspeling
- Aqua (2005) delvis nyinnspeling
- Macula Transfer (2005) delvis nyinnspeling
- Pinnacles (2005) delvis nyinnspeling
- Orange Light Years (2005) blanding av nye og gamle spor
- Solo 1974–1983 (2012) samleplate