Edinson Cavani

uruguayansk fotballspelar

Edinson Roberto Cavani Gómez (fødd 14. februar 1987 i Salto) er ein uruguayansk fotballspelar som i 2018 spela for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og for Uruguay sitt landslag. Han vart seriemeister i Uruguay med Danubio i 2006 og i Frankrike med PSG i 2014, 2015 og 2016. 6. februar 2008 debuterte han for A-landslaget i ein kamp mot Colombia, der han skåra eitt mål. I 2011 var han med på å vinna Copa América med Uruguay. I 2010/11-sesongen vart han Napoli sin toppskårar i Serie A med 26 seriemål, og i 2012/13-sesongen vart han toppskårar i Serie A, med 29 mål. I 2016/17-sesongen vart han toppskårar i Ligue 1 for PSG.

Edinson Cavani
Personleg informasjon
Fullt namn Edinson Roberto Cavani Gómez
Fødd 14. februar 1987 (37 år)
Fødestad Salto
Høgd 184 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Paris Saint-Germain
Nummer 9
Ungdomsklubbar
2000-06 Uruguay Danubio
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2006-07
2007-10
2010-13
2013-
Uruguay Danubio
Italia Palermo
Italia Napoli
Frankrike Paris Saint-Germain
25 (9)
109 (34)
104 (78)
158 (112)
Landslag
2012
2008-
Uruguay Uruguay OL-lag
Uruguay Uruguay
5 (3)
98 (40)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 26. februar 2018
‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2017

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Edinson Cavani – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.