Edvard Jacobsen Bjorlivold

Edvard Jacobsen Bjorlivold (186819. januar 1951) var ein norsk treskjerar frå Lesja i Gudbrandsdalen. Han er òg kjent under namnet Edvard Jacobsen.

Edvard Jacobsen Bjorlivold
Fødd 1868
Død

19. januar 1951

Yrke kunstnar

LivEndra

Edvard Bjorlivold var fødd på Holun på Lesjaskog i 1868 i ein søskenflokk på sju av foreldre Jakob frå Liaholen og Marit Rolvsdotter frå Sletta-Brekka.[1] Faren var forkynnande Hhaugianar. Han vart gift med Enetta Eriksddotter Lykkeslet (1876-1946). Dei fekk ingen born. I 1896 kjøpte han garden Bjorlivoll.

Læring og utviklingEndra

Han tok vinteren 1886/87 eit 6-månaders kurs i treskjering på Sør-Skotte på Lesja. Kurset vart gitt av Hans L. Lindsø som i 1903 vart lærar på Hjerteid Husfidsskule.

ArbeidEndra

Edvard arbeidde ulike prydgjenstandar som skrin og ambar. Han laga òg større utskorne skåp. Mellom anna vann han ei sølvmedalje på Verdsutstillinga i Paris for ein kråskåp i 1900. Ein viktig del av arbeidet var å finne gode treemne. Det meste av det han lagde vart omsett direkte i bygda, men han selde òg gjennom Husfliden.

Prisar og utmerkingarEndra

  • 1887, Oscar 2. sølvmedalje, Trondheim
  • 1889, to bronsemedaljar, Verdsutstillinga i Paris
  • 1897, diplom frå Kunst- og industriutstillinga i Stockholm
  • 1900, sølvmedalje og diplom, Verdsutstillinga i Paris
  • 1910, sølvmedalje, Landbruk-, skog- og indudtriutstillinga på Gjøvik
  • 1914, sølvmedalje, Jubileumsutstillinga på Frogner

KjeldeEndra

  • Årbok for Lesja 2011, Lesja historielag
  • Årbok frå Gudbrandsdalen 1986

ReferansarEndra

  1. Lesja bygdebok, band 1 s. 232